(NB: Vil du sjå filmen på mobiltelefon, anbefaler vi at du trykker på YouTube-ikonet på filmen. Då får du sjå filmen i rett format.)

Ørsta-NM – eit av dei beste til dags dato, var hovudoppslaget i Sunnmørsposten etter NM-helga, 2. og 3. mars 1968.

– Det var veldig mykje folk. Det var bilkø heilt ned i Bjørdalen, fortel Ivar Aarsæther, som var rennleiar den gongen.

Rennleiar: Ivar Aarsæther var rennleiar, og dessutan ansvarleg for den inntektsbringande sokkedansen i den nye idrettshallen.

Ifølge Sunnmørsposten si kjelde i 1968, PR-sjef Terje Kjøde, var det 3.000 menneske til stades begge dagane.

Heidersgjesten var Kronprins Harald.

På Bondalseidet: Kronprins Harald i midten, og rennleiar Ivar Aarsæther til høgre. Dama på biletet er alpinisten Dikke Eger Bergmann. Bak i midten: Assisterande rennleiar Arnfinn Rangsæther. Teltet dei står under bles vekk i vinden, men elles var et mykje ros til Alpintgruppa etter arrangementet.

– Kronprinsen var og ned til Rise for å sjå på fonna der. Eg hugsar han sa at det gjorde stor inntrykk å sjå kva naturkreftene kunne gjere, fortel Ivar Aarsæther.

– Eit par veker etter han var her i Ørsta så forlova kronprinsen seg med Sonja. Men det sa han ingenting om, legg han til.

Løparane vart innkvarterte i private heimar.

I farta: Stilen var litt annleis den gongen.

– Heile bygda stilte opp. Og så arrangerte vi sokkedans på den nye Idrettshallen, med 1.600 personar, fortel Aarsæther.

I herreklassa vart det eit litt overraskande slalåmgull til Bjarne Strand frå Oppdal. Men storfavoritten og klubbkameraten Håkon Mjøen kom sterkt tilbake, og vann storslalåm. I kvinneklassa vart Aud Hvammen gullvinnar i storslalåm, medan Karianne Christiansen vann slalåm.

Beste lokale løpar var Kjell Arne Sætre, men han hugsar ikkje kva plass han kom på.

Oppslag: Sunnmørsposten sitt hovudoppslag 4. mars 1968.

– Eg trur eg fekk ein pokal der det stod at eg var beste sunnmøring. Eg hugsar meir av det som skjedde då det var NM i 1962, for det var meir dramatisk. Det skulle vere utfor i Fladalen på Standaleidet, men det var enorme snømengder og fonnfare. Eg trur det til slutt var politiet som greip inn og stoppa det. Så vart det flytta til Bondalseidet og Verahaldet. Vi måtte trakke løyper med ski, og skulane fekk fri for å hjelpe til.

I 1968 var det enno meir snø. Arrangørane hadde leigd inn trakkemaskin, men den fekk problem. Vinden skapte og litt trøbbel, men først og fremst fordi teltet som Kronprinsen stod under bles vekk.

–Det er sikkert eit av dei aller beste NM som har vore skipa til dags dato, og kanskje det beste løypemessig, sa leiaren for tekniske komite alpint i Skiforbundet, Rolf Lonnevik, til Sunnmørsposten.

Her kan du sjå film frå NM i 1968. Bileta er tatt av Olav Hovdenakk og har aldri før vore publiserte.