Det førre seminaret som var planlagt i Ørsta vart avlyst då det kom fleire reaksjonar frå lokalsamfunnet. Laurdag vart seminaret gjennomført som planlagt i Ørsta bedehus. Det var organisasjonen Frimodig kyrkje og MorFarBarn.no som stod som arrangør. Øivind Benestad er dagleg leiar i MorFarBarn.no og var saman med Karl-Rune Nilsen føredragshaldarar.

– Eg tykkjer det er veldig positivt og nøgd med at så mange vel å ta turen. Både fordi at det er vinterferie her og at det ved førre runde vart avlyst, sa Benestad etter at det første føredraget var unnagjort.

Melde seg ut av kyrkja

Presten melde seg i fjor ut av Den norske kyrkja etter at kyrkjemøtet gjorde vedtak om likekjønna liturgi. Han slår fast at det i bibelen er heilt klart at ekteskapet er for mann og kvinne, og at han sjølv deler dette synet.

– Ekteskapet er Guds skaparordning for mann og kvinne. Det er ein eintydig bodskap gjennom heile bibelen.

– Spørsmålet handlar om ekteskapet

Benestad meiner at kyrkja brukte for lite tid då dei på fire år endra syn frå å seie nei til å seie ja til likekjønna liturgi. Han er klar på at det store spørsmålet i kyrkja i dag er definisjonen på ekteskapet. Benestad meiner og at det blir feil at dei som står for han sitt syn vert sett på intolerante.

– Eg har poengtert gjennom mange år at det ikkje er eit spørsmål om homofili, det er berre ein liten del av det. Homofili er toppen av isfjellet og så er det mange emne som heng saman og som med synet på kva som er ein familie og kva som er barna sine rettar til mor og far.

– Du reknar med at dette er ein diskusjon og ein kamp for som vil gå føre seg i mange år framover?

– Ja, det trur eg. Sjølv om vi skulle løyse spørsmålet om homofilt samliv, så er det så mange andre nye ting som kjem opp no. Før sommaren vert kanskje eggdonasjon vedteke. Fleire parti har alt vedteke og det kanskje lovfesta i denne perioden at single kvinner skal få kunstig befruktning. Dette har ingenting med homofili å gjere, men synet på barnet, familien og samlivet.

– Handlar om ekteskapet: Øivind Benestad var ein av foredragshaldarane. Foto: Joachim Åsebø