Den 20. januar i år, om morgonen, vart mannen stoppa av politiet i Volda. Han sat då i førarsetet i ein bil og utandingsprøve som vart teke av mannen viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,95 milligram pr. liter luft. Det tilsvarar om lag 1,8 i promille.

I Søre Sunnmøre tingrett sa mannen seg skuldig etter tiltalen. Retten la i straffeskjerpande retning vekt på at mannen hadde høg promille.

– Vidare legg retten i straffskjerpande retning vekt på at køyring fann stad tidleg føremiddag når det normalt er mange personar ute i trafikken og at køyringa dermed representerte betydeleg risiko for både andre trafikantar og fotgjengarar, i tillegg til den sikta sjølv.

I formildande retninga la retten vekt på tilståinga.

Mannen må sone 24 dagar i fengsel og er dømd til å betale ei bot på 55.000 kroner. Mannen er og dømd til tap av førarretten i ein periode på to år. Mannen erklærte at han vedtok dommen.