– Tettstader som som vi knapt hadde høyrt om og som vi visste var ein eller annan stad i ytre før tunellen kom, er no blitt vorte vårt nærområde, noko vi har sett stor pris på, både innen husbygging og privat. Vi kan stikke oss ein tur utom ein byggeplass berre for å ta ein prat og ein kaffikopp med ein tiltakshavar, noko som måtte godt planleggast før Eiksundsambandet.

Det seier dagleg leiar Trond Bornstein i BoligPartner Ørsta. Kommunikasjonen mellom indre og ytre del av Søre Sunnmøre har endra seg drastisk etter at Eiksundsambandet opna. Bustadbyggarane i Ørsta vegra seg litt tidlegare med å ta på seg utbyggingsprosjekt i ytre, men no er det minst like mykje aktivitet i ytre som i indre.

– Eiksundtunnelen har forenkla og opna opp marknaden i ytre. I tillegg til samhaldet som har utvikla seg. I 2012 var vi på cupfinalen og heia på Hødd som vart vårt lag. Før var vi erkeørstingar, men dette har endra seg.

Bustadutbyggjaren har gått meir vekk frå prosjektbustader og tilbake til hjartebarnet sitt einebustader.

– Vi får no like mykje førespurnadar utanfrå som vi gjer frå Ørsta, og det har vore høgt trykk frå ytre gjennom mange år. Også med tanke på arbeidsmarknaden har det skjedd endringar. No har eg to tilsette som bur på Larsnes og Leikong. Dette hadde ikkje vore mogleg slik det var før tunnelen opna.

BoligPartner Ørsta er i gang med å bygge fleire bustader i ytre, både i Ulsteinvik, Hareid, Sande og Herøy. I tillegg er bustadutbyggjaren med på eit prosjekt i Ulsteinvik med rundt førti leilegheiter.

– Nytt av året er at vi no også satsar på hytter og der ser vi særleg det med at folk frå ytre trekk innover og vil ha fjell og snø, medan folk herifrå gjerne vil ha hytte i ytre ved sjøen.

Skal bygge 138 leilegheiter

I Hovdebygda viser dagleg leiar Einar Holsvik og salsleiar Odd Erik Hovden i Norhus fram planane for utbygging av 138 leilegheiter i Fosnavåg og Ulsteinvik. Med enklare kommunikasjon etter opninga av Eiksundsambanet har bustadutbyggjaren fått gjennomført planane sine om å samlokalisere sine salskontor og etablere eit faghus for bustadbygging i Hovdebygda.

– Den ambisjonen har vi lukkast med, og jobben vår har blitt mykje enklare takka vere Eiksundsambandet, seier Holsvik.

Aktiviteten til bustadutbyggjaren har vore stor i ytre sidan opninga av Eiksundsambandet, og den vil halde seg oppe med planane som dei no har. På Gjertnesmarka i Fosnavåg skal byggast nærare 60 leilegheiter. Ikkje så langt frå Gjertnesmarka vil det bli bygt ut rundt femti leilegheiter, og eit steinkast frå sentrum i Ulsteinvik skal Norhus bygge 36 leilegheiter.

– Vi kunne ikkje ha starta slike felt utan å ha ein lett kommunikasjon med å kome seg ut på byggeplassane. Skulle vi har reist ein og halv time så kunne vi ikkje ha drifta det på ein fornuftig måte.

Marknaden i ytre og i indre har blitt meir og meir lik etter tunnelopninga. Gjennom enklare logistikk har Norhus kunne gje arbeid til underentreprenørar frå Volda og Ørsta knytt til prosjekt i ytre.

– Logistikken er blitt mykje betre. Dette gir spesielt bieffektar for Ørsta og Volda ved at du sikrar heile anleggsgruppa med meir arbeid grunna at dei har fått meir flate å jobbe på, seier Holsvik.

– Dette går begge vegar. Det er etablert ei tømrarbase i ytre som var ganske stabil fram til oljeknekken. Her inne hadde vi fullt opp å gjere og då byrja dei å reise innover hit. Det hadde ikkje vore råd å gjere utan Eiksundsambandet, legg Hovden til.

Ifølgje Holsvik har tilbodsrundane endra seg etter at Eiksundtunnelen vart opna.

– Det var ikkje alle bedrifter i Ørsta og Volda som var på desse rundane i Ulsteinvik. Det var kostnadsdrivande å vente på ferja. Konkurransevilkåra har blitt meir likestilte enn kva dei var, og totalt har bransjen blitt styrka, seier Einar Holsvik i Norhus.

Skal bygge 138 leilegheiter: Salsleiar Odd Erik Hovden og dagleg leiar Einar Holsvik i Norhus ser nærare på tre store utbyggingsprosjekt som utbyggaren skal i gang med i Fosnavåg og Ulsteinvik Foto: Joachim Åsebø
Einebustader: BoligPartner Ørsta satsar no på einebustader og er i gang med og skal bygge åtte til ti i ytre i tida framover. Foto: Joachim Åsebø