Det er dei to søstrene Karoline Riise (92 år) og Ragna Riise (90), og Bjørn Urkegjerde (70). Omlag hundre menneske var samla på minnestaden på 50- årsdagen for ulykka.

Karoline Riise har ikkje fortalt si historie før. No er det på tide.

–Hadde me berre fått bygt opp att husa på ein stad der det ikkje er fjell, tenkte eg ofte etter raset. Men no, etter alle desse åra, synest eg at fjella er fine att, seier Karoline Riise.

Rasmorgonen hadde ho stått opp tidleg for å sjå sonen, Arne, vel av garde på bussen til Ørsta. Arne var inne på kjøkenet, medan mannen, Johan Riise, og borna Knut, Anny og Mariann framleis var oppe på loftet. Elles overnatta Bjørn og Ansgar Urkegjerde også her i Larsagarden fordi fonner stengde vegane ned til Sæbø, så dei ikkje kom seg heim att.

«Så kom den store smellen»

Karoline fortel: «Eg let opp gangdøra for å sjå etter bussen. Men brått gjekk lyset, så kom den store smellen og ein veldig virvelvind kasta meg opp i lufta og ut i snømassane som grov meg ned. Der låg eg heilt fast, eg kunne berre så vidt bevege ei hand. Og det var så kaldt! Eg tenkte at eg kom til å fryse i hel, og at alle dei dei andre også var nedgravne. Plutseleg kjende eg at det var nokon oppe på snøen, og eg høyrde stemmer. Etter to timar i snøen fann dei meg. Eg vart lagt inn i Pestova, som var uskadd, saman med dei andre etter kvart som dei vart gravne fram. - Dei kom inn med Arne. Snømassane hadde pressa han opp under taket i stova. Han hadde kome borti noko, og blødde frå sår i hovudet.»

Karoline vart køyrd til sjukehuset i Volda der ho låg i tre dagar. I 1970 flytta ho og familien inn i nytt hus på Nye-Rise, og Larsagarden kom etter kvart i full drift att. Men berre fem år etter innflyttinga, døydde Johan Riise.

Overnatta på Rise

Bjørn Urkegjerde fortel: -Knut Riise, far min (Ansgar Urkegjerde) og eg køyrde heim saman frå Ørsta søndagskvelden 18. februar. Me sette av Knut på Riise. Vel 50 meter frå Peløa på Rise, vart me stansa av fonnbreden til Skondalsfonna, så me måtte snu og køyre fram att til Kvistad-brua for å køyre Hustad-sida til Sæbø. Men mellom Svora og Hustad hadde det også gått ei fonn, så me for tilbake til Larsagarden på Rise, og der fekk me overnatte.

Eg vakna av eit brak, og ein virvelvind for med meg. Eg deiste opp i ein takbjelke, og så hugsar eg ikkje meir før eg vakna og låg heilt forvridd nede på vegen med hardpakka snø over meg. Det draup vatn i ansiktet frå ei vrengd bølgeblekkplate over hovudet mitt. Men denne laga eit pustehol i snøen der det seiv inn luft. Bølgeblekket vart ein slags livreddar.

Fem timar under snøen

Etter vel fem timar vart Bjørn funnen to og ein halv meter nede i snøen. Han var svært forkomen, hjartet hans stoppa, men vart sett i gang att med hjelp av adrenalin. - Distriktslege Ljones berga livet mitt, seier Bjørn.

Faren, Ansgar, sat fastklemd med to bjelkar over hoftene. Han hadde kontakt med hjelpemannskapet heile tida, og bad dei konsentrere seg om dei som var nedgravne.

I mai, då alt kom til syne på rasstaden, bad Bjørn Kristian Valseth syne seg staden han vart funnen. - Der på bakken låg noko og blenkte i sola. Det var det vesle smykket eg hadde fått av kjærasten min, Torunn, i fødseldagsgåve. På smykket var det inngravert «Bjørn».

På besøk: Bjørn Urkegjerde låg meir enn fem timar under snøen. Foto: Svein Aam
Gjensyn: Ragna Riise (90) saman med Kjell Einar Ljones, legen som var sentral i redningsarbeidet. Foto: Svein Aam