Heilt sidan fotballfritidsordninga starta opp har det blitt arrangert aktivitetsveker i skuleferiane. Med vinterferie denne veka er det rundt seksti spente deltakarar som skal gjennom ulike aktivitetar. Då Møre-Nytt vitja gjengen tysdag var dei på plass i Ørstahallen der turn, koordinasjon og trampoline stod på programmet.

– Vi startar dagen med felles frukost før vi samlar oss og spelar litt fotball i Kiwihallen. Dette gjer vi kvar dag, seier leiar Frode Følsvik for fotballfritidsordninga.

I tillegg til fotballøkta får deltakarane prøvd seg på ulike aktivitetar kvar dag. Aktivitetsveka starta med handball og innebandy måndag. Tysdag var det turn på programmet. Onsdag reiste heile gjengen til Bondalseidet der det vart bålkos og skileik gjennom heile dagen. I samarbeid med symjeklubben i Volda vert det symjing torsdag.

– Vi avsluttar veka fredag med FIFA-turnering og heimelaga pizza.

– Kjekt

Aktivitetsvekene har vore eit populært tilbod gjennom dei siste åra. I år har deltakinga gått eit lite hakk ned utan at det sett nokon dempar på stemninga blant deltakarane.

– Det er veldig kjekt å vere her, seier Ane Smehus Lind, Naomi Vartdal Larosai og Ida Flåskjer medan dei tek seg ein kort pustepause. Nokre av dei hadde vore med på fotballskule tidlegare, men det var første gang dei var med på aktivitetsveka. Jentene hadde sett seg ut turndagen under aktivitetsveka.

– Det er første dagen vi er her, og vi hadde gleda oss til dette.

Nøgd med lokala

Fotballfritidsordninga har no kome seg på plass i mellombels klubblokale ved Kiwihallen.

– Det er ein heilt anna verden no. Vi er veldig godt nøgde med dei lokale som vi har no, og det er heilt supert. Det er kort avstand til Kiwihallen, det er trygt og så gler vi oss sjølvsagt mykje til fleirbrukshallen står klar og kan nyttast, seier Følsvik.