I alle fall ikkje om folk hugsar tilbake til september i fjor, då eit bustadhus brann ned til grunnen på Vartdal, mykje fordi brannvesenet ikkje hadde tilgang på vatn. Stykket har fått det passande namnet «Ønskekvisten».

– Men elles er det mange her som er i fyr og flamme over mykje anna også, kommenterer Hans Petter Aarset, revyveteranen.

– Vi speglar samfunnet. Det er eit skråblikk på det meste, seier han.

Revysjef: Thomas Sætre (t.v.) er ny revysjef etter Hans Petter Aarset, men har god støtte i gamlesjefen.

Ny revysjef

Thomas Sætre har teke over stafettpinnen etter Aarset som revysjef, og held orden i rekkene på dei til saman 29 personane som engasjerer seg i revyen, enten som skodespelarar, lyd- og lysfolk eller som musikarar.

I fjor hadde revyen eit pauseår, men i år er det duka for premiere for den 12. revyen, 10. mars.

– Det fine i år er at ungdomen har teke steget opp og engasjert seg. Vi har fleire nye, i tillegg til veteranane sjølvsagt. Vi treng dei erfarne til å halde i taumane, kommenterer Sætre.

Malin Vartdal og Sigurd Elias Halse er nye i Vartdalsrevyen. Foto: Vartdalsrevyen

Rekrutteringa går altså godt, og ny på scena i år er Malin Vartdal. Dei har også fått rekruttert ein ny pianist, ørstingen Sigurd Elias Halse.

– Vi køyrer sjølvsagt livemusikk med tre personar i bandet.

Har skrive alle tekstane

Rune Aarseth er regissør, og har skrive tekstane til alle dei 16 sketsjane. I tillegg er der songinnslag, som seg hør og bør på ein skikkeleg revy.

– Rune reddar dagen han. Igjen. Det er stort sett han som har levert tekstane til dei tidlegare revyane også. Vi andre har ikkje fått kreista oss til å skrive noko, humrar Hans Petter Aarset.

Gamle kjende: Regissør Rune Aarseth (t.h.) har henta tilbake ein gamal kjenning til revygjengen, Sjur Aarestrup.

Dei lovar eit gledeleg gjensyn med «gamlekarane» som diskuterer smått og stort frå samfunnet.

– I desse «me too»-tider, seier Aarset, som eit hint til kva tematikken handlar om.

Elles vert det både Pride og kanskje også ein president å sjå på scena.

– Vi kan jo ikkje røpe for mykje heller. Men vi kan love at publikum skal bli underheldt, forsikrar Aarset.

Øving kvar dag

Det er iherdig øving før premieren. Revygjengen møtast to gonger i veka på Soltjeld, der framsyningane skal vere.

– Men vi har byrja å få småpanikk, så vi må nok spe på med ein dag til. Og dei to siste vekene vert det nok øving kvar dag, trur dei to.

Planen er å ha tre ekstraframsyningar etter premieren.

– Men gjerne fleire, om folk er flinke til å kjøpe billettar, lovar dei.

Gledeleg gjensyn: Gamlekarane kjem tilbake på revyen for å diskutere smått og stort dei har «haurt» i lokalsamfunnet.

Populær revy

Vartdalsrevyen er i alle fall etterspurt, erfarer dei.

– Folk spør og masar om det ikkje skal bli revy, så det er kjekt å kunne seie ja. Det er eit veldig apparat som skal i sving for å få det til, eit skikkeleg puslespel, og det skal noko til for at det skal klaffe for alle, men i år vert det! Det er kjekt å skape noko for bygda, som gir samhald. Det er stor oppslutnad om dette, og vi veit at det vert sett pris på. Og så er det kjekt, om enn noko hektisk, for oss som er med også.