Fredag byta dei ut fjorden i Ørsta med Hornindalsvatnet.

– Vi måtte jo gjere noko litt annleis når vi skulle feire oss sjølv, seier dei muntre damene før dei legg på sprang ut i Europas djupaste innsjø. Etter å ha bada fast kvar fredag heile vinterhalvåret sidan 1993, la dei feiringsturen til Raftevolds Hotel i Hornindal. Før middag på hotellet stod sjølvsagt bading på programmet. Og når ein skal feire ein slik milepåle, vart sjølvsagt lokalavisa tipsa.

– Det er jo viktig å dokumentere slike storhendingar, flirer damene i kor.

Hornindalsvatnet er djupt, men damene valde å bade frå badestranda, og den var temmeleg langgrunn denne februarkvelden.

På grunt vatn i Europas djupaste innsjø: Frå venstre Ingebjørg Ryste, Kirsti Hansegjordet, Grete Eiksund, Arnhild Bjerke Vartdal, Hilde Kolås og Marit Vik Moe. Solveig Hamar måtte stå over badinga denne gongen.

– Vi får seie at vi bada på grunt vatn i Europas djupaste, seier damene etter å ha springe ut og lagt seg ned i det kalde vatnet. Temperaturen vart ikkje målt, men likevel anslått til fire grader.

– Kvifor slike påfunn som dette?

– Det starta med at vi møttest fast til symjing og badstu i Ørsta. Hausten -92 diskuterte vi oss imellom og fann ut at vi ville gjere noko anna enn å bade i basseng. Så, 19. februar 1993 bestemte vi oss, og då var det rett ut i fjorden. Sidan den gong har vi møttest kvar einaste fredag i vinterhalvåret for å bade, fortel Ingebjørg Ryste.

Frisk februar-dukkert: Temperaturen vart anslått til å vere rundt fire grader.

– Vi er aldri sjuke

Og damene hevdar at dei ikkje er sjuke. Dermed er dei overbeviste om at vinterbading har god helseeffekt.

– I tillegg til vinterbadinga hender det vi oppsøkjer kaldt vatn også om sommaren. Gjerne når vi går i fjellet og kjem fram til ein bre med brevatn. Då er vi raske med å leggje oss uti, seier Kirsti Hansegjordet.

– Det gjer noko med kroppen når vi held på med vinterbading. Du får eit lite kick. Mest av alt er det herleg å kome opp att etter ein kald dukkert. Vi er aldri så lenge uti i slengen, seier damene.

Raskt oppatt: Etter eit friskt bad, er det rett på land for å få varmen att. Vinterbadinga held damene friske, hevdar dei.

Ein skal aldri spørje om kvinners alder, men dei friske ørstingene røper sjølv at dei har passert den første ungdomen.

– Ja du må jo få med at nokre av oss nærmar oss 80 år. Vi som er med i badegruppa no er i alderen 67 til 77, fortel Grete Eiksund.

I tillegg til dei seks som kasta seg ut i Hornindalsvatnet fredag, er Solveig Hamar fast med i badegruppa. Ho var med på feiringsturen, men måtte stå over badinga denne gongen.