Kommunestyret vedtok på siste møte driftsopplegget for nye Ørstahallen.

Avklaringa skjer etter at kommunen har brukt fleire månader på å finne eit eigna opplegg etter at rådmannen sjølv trekte saka i fjor haust.

Det har lenge vore semje om at kommunen skal innføre ein såkalla myldremodell. Dette er ein modell som slår fast at kommunen eig og driftar hallen, men der det vert gått inn leigeavtalar med samarbeidspartnarar om utleige. Då kjem kommune unna krav om moms.

Med å velje «myldremodellen» kan kommunen behalde ein større del av frådraget for mva., og dermed kunne ta ei lågare husleige. Dette vil kome

idretten og andre leigetakarar til gode. Dette krev gode avtalar og eit godt samarbeid med, idretten, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Det er også klart at kommunen ikkje vil lyse ut stilling som verken driftsleiar eller teknisk leiar. Dette er oppgåver som vert fordelt til allereie eksisterande stillingar i den kommunale organisasjonen.

Som ein konsekvens av vedtaket er det klart at Frivilligsentralen vil få driftsleiaransvaret for Ørstahallen.

– Dette vil medføre endringar for Frivilligsentralen, slår rådmannen fast i sakutgreiinga.

Sidan desember har ei eiga nemnd vore i sving med å sjå nærmare på driftsopplegget for hallen. Konklusjonane er desse:

* Ein står fast på kommunestyret sitt vedtak om at Ørstahallen skal driftast i kommunal regi.

* Rådmannen fekk fullmakt til å snarast peike ut intern person, og syte for framdrift i høve avtalar med idretten og faste brukarar av hallen.

* Det må avklarast meir kva ressursar ein treng for å drifte hallen, og kommunestyret må oppdaterast på dette.

* Ørsta Idrettspark skal vere ein viktig samarbeidspart.

– Eit stort løft

– Ørstahallen skal stå klar til bruk før jul i år, og vert eit stort løft for alle brukarar av hallen.

Ørsta kommune som eigar skal koordinere og legge til rette for undervisning/skulebruk, og at

frivillige lag og organisasjonar fyller hallen med aktivitet til beste for folkehelsa, heiter det frå rådmannen.

Og vidare at "Ørstahallen vert ei storstove med mykje aktivitet store delar av døgeret og alle dagar i veka. Dette krev god logistikk og nok ressursar til reinhald og teknisk drift av bygget."

I kommunestyret vart saka teken i mot med begeistring. Likevel meiner fleire kommunestyrerepresentantar at der er fleire uklare moment.

– Utfordringane er store. Vi må få alle til å forstå modellen vi har valt. Då tenkjer eg at Ørsta Idrettspark vert ein sentral part, sa Inger Sundnes (H).

Varaordførar Karen Høydal (Ap) understreka behovet for teknisk personell.

– Det er ingen tvil om at vi treng ein driftsoperatør og teknisk personell, sa Høydal.

Sjølv om der knytt usikkerheit til finansieringa av ein driftsoperatør, bad Gunnar Knutsen (V) og tilslutnad til opplegget.

– Eg håper alle stiller seg bak dette, og gjer det beste for bygda vår.

Paul Kristian Hovden (KrF) var mest kritisk.

– Eg fryktar at vi sparer oss til fant. Vi sit natt med at ingen har eit dedikert ansvar for hallen. Det er urovekkjande, sa Hovden.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) var mykje samd.

– Dette er eit kjempeprosjekt til 200 millionar kroner. Og så skal vi spare på dagleg leiar. Også idrettsrådet har gjeve uromelding om dette, sa Vinjevoll.