Ordførarane har registrert at Helse Møre og Romsdal har presentert ein ny utviklingsplan for utviklinga av sjukehusa i fylket. Dei meiner utviklingsplanen legg til rette for ei vidareutvikling av det allereie etablerte samarbeidet mellom helseføretaket og kommunane på Søre Sunnmøre.

Vil ha plass i nybygg

– Ved oppfølginga av Utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal HF 2019 -2022 ser ordførarane i Volda og Ørsta mogelegheiter til vidareutvikling av det mangeårige og svært gode samarbeidet mellom Helse Møre og Romsdal HF/Volda sjukehus og omliggjande kommunar om det akuttmedisinske tilbodet, her under bygningsmessig samarbeid. Planar for nærlokalisering til sjukehuset av ein felles legevakt og ambulansestasjon meiner vi er viktig å få inn i det vidare arbeidet med den bygningsmessig utviklingsplanen for Volda sjukehus, heiter det frå ordførarane i eit skriv til helseføretaket.

Lovar å medverke med pengar

Dei ber om klare avtalar om samarbeid, og lovar då økonomisk medverknad frå kommunane si side.

– Då kan dette no realiserast i fellesskap ut frå ein samla plan og avtale. Behovet for ein felles ambulanse- og legevaktstasjon med observasjonssenger er kjent. Dette som eit supplement til helseføretaket sine eigne utbyggingsplanar, men sett i samanheng med desse. Det vil kunne gi ein vinn-vinn situasjon i det vidare samarbeidet, understrekar ordførarane.

Dei uttrykkjer klare forventningar om at det blir gjort vedtak om ein utbyggingsplan som på ein god måte kan understøtte ei positiv utvikling vidare for sjukehuset i Volda.

Eksisterande avtalar

– Dei gode erfaringane vi har gjort gjennom samarbeidsavtalar mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal om bruk av felles personell og andre ressursar i akuttmottaket ved Volda sjukehus er det klokt å ta utgangspunkt i når vi skal gå inn i vidare planlegging.

– Denne fellesskapen om eit best mogleg akuttilbod er viktige samfunns- og beredskapstiltak i tråd med intensjonane i samhandlingsreforma. Prinsippa om felles oppgåveløysing og gode overgangar mellom første og andrelinetenesta er ført vidare i seinare stortingsmeldingar og dokument frå regjeringa. Det ligg også i botnen i den omforeinte Samarbeidsavtalen mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i Møre og Romsdal.

Utvida legevakt

Ørsta og Volda ber også om møte med helseføretaket for å undersøke mulegheita av eit utvida legevaktsamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF/Volda sjukehus og Volda og Ørsta kommunar. Dette som eit aktuelt tiltak for å kunne fase inn nye lovkrav i Akuttmedisinforskrifta. Felles legevaktordning for Volda og Ørsta kommunar kan vere aktuell frå det tidspunktet dei kommunale legesentera stenger vanlege dagar og i helgene fram til kl. 22.00.

– Det naturlege spørsmålet er om også denne kan lokaliserast til Volda sjukehus, seier ordførarane.