Det kjem fram i eit notat frå Anita Brenna Muldsvor i utviklingsetaten i Hornindal kommune.

Til dømes: Dalevegen i Volda og Dalavegen i Hornindal. Grendavegen, Haugevegen i Volda og Haugen i Hornindal, Hjellbakkane i Volda og Hjellbakkevegen i Hornindal, Kvivsvegen, Lidavegen, Lønnevegen og Lønnsvegen, Nygardsvegen, Ospelida, Raudemyrvegen og Raudemelvegen og Sanden.

Muldsvor informerer Fellesnemnda for Nye Volda kommune om stoda.

– Administrasjonen i Hornindal og Volda kommunar har i utgangspunktet ikkje visst at vi hadde så mange vegnamn som var såpass like. Konklusjonen til administrasjonen er at desse vegnamna må vi fordele, men det er vanskeleg å finne ein felles utvelgingsfaktor. Nokre vegar har klart fleire adressatar. Nokre vegar har eksistert lenge og er veletablerte. Vi har difor kome til at vi må ta om lag halvparten av jobben med omadressering kvar, skriv Muldsvor.

Ho skriv vidare at det etter deira oppfatning, er minst tre vegar i Volda som må skifte namn (Dalevegen, Grendavegen og Hjellbakkane).

Det same gjeld for Hornindal (Lidavegen, Nygardsvegen og Raudemelvegen).

Muldsvor foreslår ein vidare saksgang der kommuneadministrasjonen skal kome med forslag til nye vegnamn, og så ta saka til utvala i dei respektive kommunane for å legge vegnamna ut på høyring.

Målet er så å gjere vedtak om nye vegnamn, kanskje før sommarferien.