Det seier kommunestyrerepresentantane Ann Kristin Sætre (H) og Marit Aklestad (SV).

Dei vedgår at dei vart omtrent like paffe som foreldra då det førre veke vart kjent at det vert fire veker sommarstenging i dei kommunale barnehagane.

Bakgrunnen for saka er at kommunestyret i desember vedtok at barnehageseksjonen skulle kutte med 1,2 millionar kroner i budsjettet for 2018.

I tekstdelen til budsjettet var det tre tiltak som vart peika på frå administrasjonen si side. Det var stenging av den nye avdelinga ved Sæbø barnehage, det var færre born per vaksen i dei kommunale barnehagane, og det var ei utviding av feriestenginga om sommaren.

Fyrst i førre veke vart foreldra gjort kjend med at det vert fire veker feriestenging i juli. Det kom som lyn frå klar himmel, og foreldra har reagert med stor frustrasjon.

Det er no klart at barnehagasaka kjem opp på det ekstraordinære kommunestyremøtet den 1. mars. Men det er uvisst om det berre vert ei orienteringssak, eller om det vert opna for eventuelle vedtak.

Går på omdømmet laust

Sætre og Aklestad meiner uansett at fire vekers feriestenging i juli vil ha såpass dramatiske konsekvensar for mange foreldre at det går på omdømmet til kommunen laust.

– I dag (torsdag) har kommunestyret vedteke ein ny arbeidsgjevarstrategi. Vi skal vere konkurransedyktige om arbeidskrafta. Vi skal vere attraktive som arbeidsgjevarar. Det er ikkje kommunen viss det vert ståande at det skal vere fire veker feriestengde barnehagar, seier Ann Kristin Sætre.

Aklestad er samd.

– Eg har stor forståing for den frustrasjonen og usikkerheita som har oppstått blant foreldre og tilsette i barnehagane i Ørsta, og at det er uheldig med den sprikande informasjonen som er gjeven den siste veka. Dette er ei sak vi må rydde opp i snarast. Foreldre må kunne stole på vedtektene til barnehagen og vite kva dei skal forholde seg til knytt til ferieavvikling, seier Aklestad.

Ho påpeikar at bemanning må fylgje bemanningsnorma.

– Administrasjonen må no kunne leggje fram nøyaktige tal på kor mykje det er realistisk å spare på dei ulike framlagde tiltaka, og gi oss moglege alternativ, seier Aklestad og Sætre.