Det skriv Sunnmørsposten.

Dagleg leiar Annette Westre Hjellen seier til avisa at nedlegginga kjem som følgjer av ombygging av kjøpesenteret. Bakeriet er lokalisert i første etasje på Amfi Moa øst.

Siste opningsdag for bakeriet på Moa vert laurdag 17. mars.

Til Sunnmørsposten understrekar Hjellen at nedlegginga ikkje har med økonomi å gjere, men at det vil vere vanskeleg for dei å drive vidare etter ombygginga - då det skal kome ei trapp der konditoriet ligg i dag.

Hjellen takkar alle som har handla med dei desse 20 åra, og fortel også at det har vore tungt og vanskeleg å bestemme seg for å legge ned.

Fire heiltidstilsette mister jobben.

Westre konditori har eitt utsal i Volda og to på Amfi i Ørsta. Desse vil halde fram som før. I tillegg driv dei eit bakeri på Rystelandet som forsyner utsala.