No tilbyr Innovasjon Norge Vatne eit tilskot på 160.000 kroner i samband med etableringa av verksemda Vatne Mjødbryggeri.

For det handlar ikkje om øl, men mjød, slik dei drakk i vikingtida. Sigrid-Anette er medlem av åsatrufellesskapet Bifrost, eit trussamfunn for moderne åsatru. I tillegg er Vatne medlem av Møre Frie Vikingar.

– Eg er generelt interessert i historie, også vikinghistorie. I tillegg til vanleg sal av mjød, er tanken å tilby pakkar tufta på kultur- og historieformidling frå vikingtida inkludert mjødservering, fortel Sigrid-Anette. Ho har med seg foreldra Olav og Tove-Ann Vatne i satsinga.

– Sjefsbryggar vert mor mi, som har gått forbi meg når det gjeld brygging, medan far min vert prosjektet si potet og alt mogleg-mann. Eg skal også styre litt med brygging, og mest med historie- og kulturbiten, fortel Sigrid-Anette.

Dei skal lage mjød basert på eigne råvarer, og oppgradere hobbyutstyret sitt til meir profesjonelt produksjonsutstyr. Etter kvart ser Sigrid-Anette føre seg at dei må byggje ut for mjødproduksjonen.

Mjøden dei lagar, også kalla honningvin, inneheld honning, vatn og gjær. Står han i eit halvt år, vert kvaliteten ikkje berre best. Mjødet vert også sterkt - frå åtte til femten prosent.

– Vi har mykje arbeid framføre oss, men dette vert spennande. Neste steg er at vi må få på plass alle godkjenningar og løyve frå Mattilsynet og Helsedirektoratet for produksjon og sal. Vi håper dette er i orden iløpet av året. Vi gler oss til å teste ut oppskrifter og er spente på responsen frå folk, seier den unge mjødbryggaren på Vatne.