Det var Anbjørn Steinholm Frislid som i ein interpellasjon i fjor fekk kommunestyre-fleirtalet med seg på å få vurdert ei endring av politivedtektene. Torsdag kom saka på kartet.

– Stoda har ikkje endra seg i løpet av dette året. Vi ser eit behov for å få regulert tigginga i Ørsta kommune. Innbyggjarane har reagert. Vi har opplevd tiggarar på kyrkjetrappa, og tigging frå dør til dør. Mange har teke kontakt, og kjenner ubehag fleire stader i Ørsta med pågåande tiggarar. Dette gjeld ikkje norske personar som har hamna utanfor, men tigging i organisert form. Vi veit ikkje om denne organiserte forma skjer frivillig, eller om det er menneskehandel, prostitusjon, eller andre ulovlege ting som ligg bak, sa Steinholm Frislid.

Ingen av dei andre partia ville følgje Frp i eit forbod mot tigging gjennom politivedtektene.

– I Ørsta er det i så liten grad tigging at det aldri har vore problem. Det vesle som har vore, burde vi kunne tole, sa Paul Kristian Hovden (KrF).