Prisen vert delt ut kvart år og har som målsetjing å verdsetje dei beste helsefremjande tiltaka og prosessane som medverker til trivsel, godt arbeidsmiljø og høgare nærvær, skriv kommunen på sine heimesider.

Prisen er delt ut i fem år. Tidlegare vinnarar:

2016: Ergo-, fysio og friskliv.

2015: Tenesta for psykisk helse og rus.

2014: Barnas Vel barnehage

2013: Hjørundfjordheimen

Den aller første prisen gjekk til Hjørundfjordheimen, som også tok i mot Møre og Romsdal sin arbeidsmiljøpris i 2014. Det same klarte Tenesta for psykisk helse, to år seinare.

Arbeidsmiljøprisen for 2017

- Totalinntrykket av NAV Ørsta og Volda er at dette er ei eining der arbeidet med arbeidsmiljøet er medvite, kontinuerleg og systematisk, både av leiar og tilsette. I tillegg har dei eit stort fagleg fokus. Det er stor reell medverknad og alle kjenner eigarskap til eininga. Dei er eit godt døme på at dei taklar utfordringar knytt til organisering, omorganisering og endringar, noko mange kan lære av, skriv kommunen.

Partnarskap mellom stat og kommune

- Mottakarane er i ei særstilling fordi NAV er eit partnarskap mellom stat og kommune. Det er arbeida mykje og medvite for at dei tilsette skal oppleve minst mogleg skilje i arbeidskvardagen, på om ein er statleg eller kommunalt tilsett. Når Arbeidsmiljøutvalet vel å gi NAV prisen, er det ikkje berre dei kommunalt tilsette som er mottakarar, men alle dei 30 tilsette ved kontoret.

Utfordrande arbeidskvardag

- Å vere tilsett i NAV kan til tider vere ei stor utfordring. Folk flest har ei meining om tenesta og jobben som vert gjort. Og vi veit at det har vore eit stort og negativt fokus i media gjennom mange år. Årets vinnarar har likevel, eller kanskje nettopp difor hatt eit ekstra fokus på arbeidsmiljøet sitt. tillegg til å skulle bygge ei teneste med to styringsliner, har også kontora i Volda og Ørsta blitt slått saman til eit felles, som krevjer sameining av nye kulturar. Slike prosessar gir alltid mange utfordringar, men personale og leiing har jobba jamt og trutt saman. Slik har dei sikra ein god arbeidskvardag og kunne levert forsvarlege tenester til brukarane sine.

- Leiaren spelar ei sentral rolle gjennom sin måte å leie på. Ho gjev rom for at tillitsvalde og verneombod som representerer dei tilsette, vert høyrt på og vert teke omsyn til. Dette skaper igjen eit godt fungerande NAV-kontor, der alle kjenner eigarskap til dei avgjerslene som vert tekne. Opplevinga dei tilsette skildrar er at dei har reell medverknad, samstundes som at det igjen gjer at dei respekterer, og er lojale, til avgjersle leiaren må ta.

- Leiaren syner tillit til kvar enkelt tilsett ved å involvere og gi ansvar. Dette gjer at dei kjenner samhøyrigheit og eigarskap til prosessane i kontoret. Noko som igjen fører til at dei kjenner seg verdifulle og verdsette.

Sjukefråvær

I 2017 har NAV Ørsta-Volda omlag ikkje hatt sjukefråvær. I juli – september kan dei syne til 0% sjukefråvær.

- NAV er ein verdig mottakar av arbeidsmiljøprisen for 2017 på kr 10.000 med diplom, og er eit godt føredøme for andre einingar i Ørsta kommune, melder Arbeidsmiljøutvalet som har tildelt prisen.