Det seier Børulf Lefdal i Ørsta Røde Kors, hjelpekorps. Han og mannskapet i hjelpekorpset gler seg til vinterferien, som teiknar til å verte den beste i skibakken på mange år.

Men skal det verte ei god oppleving for alle, handlar det også om å unngå unødige skadar.

Fleire skadar

– Vi har hatt ein flott sesong på Bondalseidet til no, men det som uroar, er ein hyppigare skadefrekvens. Det har samanheng med at her er fleire folk, og at det er eit skarpt føre, seier Lefdal.

Spesielt er det blant gutar mellom ti og femten år skadefrekvensen aukar. At det er flest skadar blant denne gruppa, er i og for seg ikkje unaturleg, då det er unge gutar som dominerer hos Ørsta skisenter.

Likevel meiner Lefdal at mange av skadane kunne ha vore unngått.

– Det handlar om å tenkje tryggleik, og å bruke verneutstyr. Ulykkene har spesielt skjedd i skicrossterrenget øvst i bakken, og i terrengparken lenger nede. Det er hovudskadar, som hjernerysting, og skadar i kne og legg, fortel Lefdal.

– Ha skikkeleg utstyr

Han oppmodar foreldre å sjå til at borna deira brukar verneutstyr.

– Det gjeld spesielt hjelm. Også ryggskinne bør vurderast. No står vinterferien for døra, og vi ventar stor utfart. Då hadde det vore fint om alle som kom i bakken også har skikkeleg utstyr, seier Lefdal.

Han vil ikkje verke streng, for han og hjelpekorpset ynskjer å sjå mange glade folk i alle aldrar i bakkane og løypene på Bondalseidet.

– Allereie har vi hatt fleire vaktdøger hos Ørsta skisenter enn i heile sesongen i fjor. Sesongen starta 21. november, og sidan har vi hatt femti vaktdøger. Vi har registrert at her er mange som har det kjekt i løypene, seier Lefdal.

Hjelpekorpset har ei vaktordning med tolv postar. Minimum er det to personar på vakt samstundes.

– Fleire deler vakter, slik at vi er seksten som går vakter. I tillegg har vi seks unge på opplæring, og som vi har rekruttert frå RØFF (Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp), som er ungdomsorganisasjonen til Røde Kors. Dette er ungdommar som er flinke og lærevillige, seier Lefdal.