Adm.dir. i Fora Form, Ivar Sandnes har lagt bak seg sitt første år i sjefsstolen i møbelfabrikken på Mosflata. Han stortrivst.

– Eg tok over ei bedrift med god kompetanse, godt miljø og flinke folk. Men det er også mykje å ta fatt i. Vi kan ikkje kvile på tidlegare suksessar. Vi må heile tida utvikle oss vidare. Det er noko eg føler vi har fått til det siste året, med m.a. auka fokus på produktutvikling.

Camp: Stolar designa av Anderssen & Voll, der Fora Form har fått Doga-utmerking for god desing. Sofaen er eit testprodukt som framleis er under utvikling.

Godt 2017

Sandnes fortel om eit godt 2017, der dei hadde 15 prosent vekst på kontraktsmøblar som vert nytta til møte- og konferanserom, kantine og sosiale soner som t.d. vestibylar.

– Vi skal heilt tilbake til 2008 før vi finn tal som var høgare i omsetning i forhold til det vi hadde i fjor.

Det som er ekstra positivt med dette, fortel Sandnes, er at den største delen av denne produksjonen går føre seg i Ørsta. På Mosflata har dei til saman 46 arbeidsplassar, der 20 jobbar i produksjonen. I tillegg har dei ti tilsette som jobbar i Oslo og Bergen med sal.

Hektisk kvardag: Karin Meidal i full gang med å sy stoff til stolar som skal til Gardermoen. 20 personar jobbar i produksjonen.

Innan kulturprosjekta, som dei kallar det, hadde dei ein liten tilbakegang. Det gjeld møblar til auditorium, kinoar etc.

– Her hadde vi færre prosjekt. Men det er vanskeleg å måle seg mot 2016, som var «all time high» på grunn av leveransar til nye Gardermoen. Men i fjor leverte vi mellom anna til Colosseum kino i Oslo, og også til Ørsta kino, og det er vi sjølvsagt stolte av. Dette er det som gjer namnet vårt kjent, men det er i alle møteromma, kantinene og konferansesalane at den største inntektskjelda vår ligg.

Totalt, med kulturprosjekta og på kontraktsmøblane vart det ein tilbakegang på tre prosent. Omsetninga i 2017 var på 154 millionar, mot 160 millionar i 2016.

– Men vi har ei betre botnlinje. Kjerneverksemda vår gjekk opp, og det er det positive i dette, seier Sandnes.

Utmerkingar

I fjor lanserte dei tre nye produkt, som alle fekk Doga-utmerking, for god design.

– Oppgjennom tida har vi vore storgrossist av slike utmerkingar. Det skal vi også halde fram med.

Designpris: Stolen Camp, som er ein loungstol lansert i fjor, har fått Doga-utmerking for god design. Atle Berg har jobben med å trekke og montere stolane.

Nytt i år er mellom anna konferansestolen Fjell og sofaen Kove. Begge med norsk design.

– Norsk design og norsk produksjon er god merkevare, seier Sandnes.

Det sel i utlandet. Og no er det til utlandet dei vil. Frå før har dei ete marknadsdelar i Japan, med ein spesiell helsestol. Også her har dei hatt ein liten vekst siste året. Nysatsinga ligg i Sverige og i Tyskland.

I dag eksporterer Fora Form 12 prosent av det dei sel, til Japan og til Sverige.

– I april opnar vi eit utstillingsrom i Stockholm, og vi har også fått tilsett to seljarar der, så dette vert eit viktig satsingsområde. I Tyskland har vi signert avtale med ein agent. Vi var i Tyskland for mange år sidan, men det har vore stopp ei stund, så no satsar vi igjen. Det er ein stor marknad, og vi meiner vi skal få til gode ting også der.

Satsar på produksjon

Dei har styrka staben på Mosflata. 1. januar tok Thomas Haram til i jobben som Supply Chain Manager, med ansvar for innkjøp og produksjon.

– Eg bur i Ørsta, og har jobba med innkjøp og produksjon i store delar av mi yrkeskarriere. Eg er glad for å ha fått jobb her. Vi ønskjer å satse endå meir på produksjon, og det skal skje i Ørsta. Det har vi eit stort fokus på, seier Haram.

Lokal produksjon: Thomas Haram seier at dei satsar mykje på lokal produksjon av møblar.

Dei har også tett samarbeid med ein fabrikk i Litauen for større produksjonar, som til dømes sofaer, men å sikre arbeidsplassar i Ørsta ser dei på som svært viktig.

– Det gjer oss også mykje meir fleksible for kundane våre. Her kjem arkitektar inn som har ein tanke og ein idé for til dømes eit møterom, og dei kan snakke direkte med produksjonen og gjere endringar undervegs om dei ønskjer det. Det er gull verdt. Å vere fleksible er ein av våre store styrkar, og det er også med på å gjere oss attraktive.

Dei ønskjer at ørstingane skal vere stolte over merkevara som Fora Form er.

– Du finn møblane våre over heile landet, i kontorbygg og på offentlege møteplassar. Det er ikkje sjølvsagt i ei tid der mykje produksjon har vorte flytta ut av landet, så dette er noko vi er stolte av, fortel Haram og Sandnes.

Svenske eigarar

Og med gode eigarar i ryggen, har Fora Form trua på at også 2018 skal bli eit godt år. Dei har halde det gåande sidan 1929, og er i dag ein av dei leiande leverandørane av stolar, sittegrupper og bord til kontraktmarknaden i Skandinavia. I 2013 vart Fora Form ein del av svenske Lammhults Design Group.

– Dei er vi veldig godt nøgde med, og vi veit at dei også er nøgde med oss. Det er langsiktige og gode eigarar. Dei kan møbelindustrien. Vi er eitt av sju selskap i konsernet, som er børsnotert i Sverige, fortel Sandnes.

I fjor omsette konsernet for totalt 960 millionar svenske kroner, og hadde eit resultat på 48 millionar svenske kroner. Av dette utgjer Fora Form 19 prosent.

– Eg vil også berømme seljarane våre for det gode arbeidet dei legg ned ute i ein krevjande marknad. Det er kombinasjonen av alle tilsette, og den kompetansen dei sit på, som er vår suksessoppskrift.