Det har i helga vore tre tilfelle av lommeboktjuveri, melder politiet på Twitter.

Den første meldinga laurdag kom frå Kristiansund klokka 10.00. Vidare i Molde klokka 12.30 og i Ålesund klokka 16.30.

Alle tjuveria skjedde inne på butikkar.

Politiet skriv at det er snakk om to gjerningspersonar. Framgangsmåten dei har brukt er å avleie merksemda til eldre personar, og deretter stele lommebøkene deira som ligg i veska eller i handlevogna.

Dei to skal snakke gebrokkent norsk.

Politiet har meldt frå om tilfella til nærliggjande politidistrikt, men det har i løpet av helga ikkje kome inn fleire meldingar.