Vik Ørsta har vore i samtalar med representantar frå Ørsta kommune og initiativtakar Hermod Nupen om ideen om ei cruiseskipskai i Ørsta sentrum. Fredag vart eit konsept og eit pristilbod levert til kommunen.

Vik Ørsta har levert slike anlegg tidlegare, mellom anna til Aurland hamn i Flåm, ei av dei store turistskipskaiene i Noreg.

Bølgjer

– Vi presenterer i fyrste omgang to løysingar, fortel salskonsulent Petter Sandnes hos Vik Ørsta.

Verksemda har analysert korleis forholda med vind og bølgjer kan vere i fjordbotnen. Konklusjonen er at det er fullt mogleg å etablere eit anlegg med fire meter brei flytemolo, og som vil fungere utmerkt som bølgjedemparar.

Båthamn

– Testane våre, dynamiske analysar hos Force Technology, og i praksis her på Strømpeneset, syner at anlegget er konstruert sterkt nok til å tole lange bølgjelengder og høge bølgjer Når det er storm frå nordvest er vi uansett over grenseverdiane på 0,3 m for ei god havn, sjølv med ein flytemolo på 10m bredde, seier produktsjef Roy Almestad. Ingen flytemoloar kan erstatte eigenskapane til ein steinmolo.

Det vil også seie at flytemolo i dette tilfellet er båthavn for vår- og sommarmånadene.

Småbåtar

– I samtalane vi har hatt med kommunen er det innforstått at båtar ikkje skal liggje i anlegget medan vinterstormane herjar i november – mars. Då er inste Ørstafjorden utsett, seier Almestad. Men sjølve anlegget vil liggje trygt også i hardt ver.

Og for eventuelle cruiseskip, handlar også det om sommarhalvåret.

Flåm: Vik Ørsta har levert anlegg til turistskipskaia i Flåm i Sogn og Fjordane.

Det mest omfattande anlegget med minimum åtti plassar for småbåtar har ein budsjettpris til 11,8 millionar kroner.

– Her ser vi føre oss at sal av småbåtplassar kan vere med i finansieringsgrunnlaget. Med 80 båtplassar kan dette finansiere fire millionar kroner. Ein aktuell samarbeidspartnar her kan jo vere Ørsta småbåtlag, seier Sandnes.

Sjøpromenade

Og med det største anlegget er det tenkt ein sjøpromenade frå Amfi-området til området ved Haldeplassen. Dei to pirane kan knytast saman til ein velfungerande promenade med ein opne- og lukkefunksjon. Dette er ikkje med i prisoverslaget no.

I dette forslaget startar pir nummer ein på kommunekaia og er 100,6 meter med vinkel på 38,7 m, og med tilhøyrande utriggarmateriell med 6 meter lengde for 20 båtplassar. Pir nummer to er 204,5 meter lang med startpunkt ved Amfi. På denne piren er det innteikna tre innvendige pirar med flytebryggjer i stål og utriggarmateriell i 6 meter lengde med totalt 60 båtplassar.

Sjøpromenade: Cruiseskipskai og eit anlegg med plass til minimum 80 båtar er eit av forslaga til Vik Ørsta som er overlevert Ørsta kommune.

Universell utforming

Inkludert er også landgangar med universell utforming, dekkfendring og fortøyningspullertar langs heile utsida av promenaden, redningsstigar plassert med 15 meter mellomrom på begge sider, straum og vatn for alle båtplassar. Det er også teke med lysmaster for heile promenaden.

Det andre forslaget er likt det som har vorte skissert til no: ein pir på 100,6 meter med vinkel på 38,7 meter frå kommunekaia, og med tilhøyrande utriggarmateriell med 6 meter lengde for 30 båtplassar.

Prisen for dette er 4,5 millionar kroner.