Måndag 5. mars er siste ordinære legekontordag på Vartdal. Siste ordinære dag på legekontoret på Sæbø er onsdag 28. februar.

Når dei to bygdekontora stenger, vert pasientane som soknar til dei to legekontora overført til det nye helsehuset på Vallamarka. Dette har heile tida vore planen i samband med realiseringa av nytt legesenter i Ørsta sentrum.

– Hovudflyttinga til det nye helsehuset vert gjort fredag 2. mars. Då tek ikkje legetenesta imot pasientar etter klokka 12 anna enn akutte behov. Men dersom alt går etter planen vil legevakta i nybygget vere oppe og gå allereie om kvelden same dag, og i helga 3. og 4. mars fortel, Knut Åmås, seksjonsleiar for helse og velferd i kommunen.

Ordinær drift

5. mars opnar legeavdelinga på Vallamarka for ordinær drift med pasientmottak, og det gamle legesenteret vert stengt.

For Hjørundfjord vil fastlegevikaren dei første dagane berre ta imot akutt hjelp.

For Vartdal vert det flyttedag for fastlegen onsdag 7. mars og akutt hjelp-tilbod frå han i sentrum 8. mars.

Mykje skal klaffe i samband med overgangen frå gammalt til nytt.

– Og vi ber om forståing og fleksibilitet i oppstartfasen den første veka legeavdelinga er i drift, og at det kan verte litt ventetid for timeavtalar, seier Åmås.

På sikt har deii von om kortare ventetid enn no.

– Har de motteke mange negative reaksjonar på at Vartdalstranda og Hjørundfjorden misser legekontora sine?

Pasientreiser

– Nei, ikkje så mange. For dei som av ulike årsaker kan ha problem med å kome seg til Vallamarka i sentrum, og har behov for drosje, er det slik at folk kan ha rett til pasientreiser på line som at dei må på sjukehus. Slik transport må bestillast frå legekontoret i sentrum. Er folk kvalifisert for pasienttransport, betalar dei berre ein eigendel, fortel Åmås.

Han har teke imot nokre innspel om korleis ordninga med tilsynslege på Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen vert etter at bygdekontora vert avvikla.

– I dag er det legetilsyn ved dei to institusjonane ein dag i veka. Men vi har eit klart mål om å utvide dette noko, og det håper vi å få til, også for bufellesskapa på Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen, fortel Knut Åmås.

Ein konkret plan om dette vart presentert som referatsak i kommunestyremøtet på torsdag.

Overlevert

Helsehuset på Vallamarka vert overlevert til Ørsta kommune 21. februar. Dette handlar om ein gjennomgang av «bestillinga» med registrering av moglege manglar.

– Vi som har følgt med i byggeprosessen vil allereie no gi utbyggar honnør for punktleg oppfølging av avtalt tidsplan og har von om at vi får eit funksjonelt bygg, seier Knut Åmås.

Vallamarka er oppført i tre etasjar i tillegg til underetasje. I første høgda ligg legesenteret. I dei to øvste etasjane er det bygt 20 omsorgsbustader knytt til eldreomsorga. Det er også bygt parkeringshus for tilsette og pasientar.

I tillegg til mottak og behandling av pasientar, skal nybygget også huse legevakt.