Det handlar ikkje om møbelproduksjon, men omtrekking av møblar. Utan å annonsere opplever kremmar Håvard Stennes stor interesse.

I den gamle møbelfabrikken i Liadal, som no er Sandvik Lager AS, har møbeltapetserar Nina Tangen Arnesen nok arbeid.

– Eg tek alle slags oppdrag, ikkje berre omtrekking av møblar til hus og heim, men også omtrekking av sete til båtar, bilar og meir, ja, det meste som kjem rekande på ei fjøl, seier Tangen Arnesen.

Ho tok fagbrev som møbeltapetserar på Formfin Møbel, og har drive med dette i tjue år. Eiga verksemd dreiv ho fram til ho hausten 2016 vart råka av ein stor brann i bustaden sin på Nerlandsøy, der verkstaden hennar i kjellaren forsvann i flammane.

Sidan september i fjor har Tangen Arnesen vore tilsett av Håvard Stennes, og sjølv om marknadsføringa har vore lik null, har jungeltelegrafen tydeleg kvitra om aktiviteten i den gamle møbelfabrikken i Liadal. For Arnesen opplever stor interesse, og registrerer at mange ser verdien av gjenbruk, og å fornye gamle møblar.

Kremmar: Håvard Stennes har skapt fleire arbeidsplassar siste åra, og jobbar gjerne om natta som reparatør av symaskiner. I tillegg til Syglede i Volda, har han Skogstad-butikk i Ulsteinvik.

Reparasjon

– Responsen er overraskande bra. I tillegg til omtrekking, driv vi også reparasjon av møblar og vi trekker om eigne møblar for sal. Vi strekker oss langt når det gjeld sørvis, og bringar og hentar møblar. Vi kjem også heim til kundane og tek mål dersom nokon ønskjer det, fortel Stennes.

I Sandvik Lager leiger han også verkstadlokale og lagerplass for symaskiner, som er ein del av det verksemda Syglede driv med. Syglede har butikk i Volda. Der vert det satsa endå meir på garn, stoff, symaskiner, skreddarverksemd og meir etter at butikken si Skogstad-avdeling nyleg vart flytta til Ulsteinvik.

Syglede: Carita Matre på Syglede i Volda opplever stor interesse for butikken etter at han vart «ny» og større.

– No får vi høve til å eksponere Syglede på ein betre måte. Og butikken har vorte større og trivelegare og lettare tilgjengeleg for alle, også rullestolbrukarar og folk med barnevogner, seier Stennes. Han presiserer:

– Nokre trur at vi har avvikla Syglede i Volda. Tvert imot så satsar vi på denne butikken i Volda sentrum.

Stennes brenn for ei god handelsutvikling i Volda.

– Det er klart utfordringar for Volda-handelen no. Også eg opplever utfordringar, og det har ikkje vore lett å vere i ein etableringsfase, seier Stennes.

Han meiner Volda stort sett har det ein treng av handelsaktørar.

– For å få auka handel er det ikkje så mykje som skal til. Nokre meiner der er for få parkeringsplassar i Volda sentrum, men det er eg usamd i. Men parkeringsplassane må skiltast betre, meiner Stennes.

Han ivrar for betre samarbeid mellom handelsnæringa og lag- organisasjonar for auka aktivitet i sentrumsgatene.

– Like viktig er framsnakking og haldningsendring. Vi som driv handel må stå samla for å gi kundane super sørvis i Volda. Og då må vi sende kundane til andre butikkar viss vi ikkje sjølve har det dei er ute etter. Vi må tenke positivt og butikkane må snakke fram kvarandre, meiner Stennes.

Han ser føre seg at fleire nisjebutikkar kan vere vegen å gå for å verte meir attraktiv.

– Skaper vi dei beste handelsopplevingane for folket, kan vi også klare å bremse handel via nettet, håper kremmar Håvard Stennes.

– Bør ikkje Volda ha eit kjøpesenter på linje med Amfi i Ørsta?

– Dersom Volda hadde hatt eit velfungerande kjøpesenter ville det ha vore ein motor som hadde gagna alle i sentrum. Det finst mange som har lyst til å start opp noko i Volda, men som av ulike årsaker sit på gjerdet, opplever Stennes.