Kabelen og linjenettet ut til og på Yksnøya er frå 1951, opplyser Mørenett.

Dei har skrive brev til Volda kommune der dei bed om opplysningar om det er fastbuande på øya, om der er næringsverksemd, og eventuelt kva type næringsverksemd. Vidare om konsekvensar for berørte private interesser og allmenne interesser. Også om der er planlagde utbyggingar på øya.

Mørenett bed om svar innan 16. februar.

– Vi vil også kontakte kundane/abonnentane som har straumuttak på øya for å informere om situasjonen. Vi vil søke å få til ei minneleg ordning for dei kundane det gjeld, jamfør saka på Raudøya. Dersom ikkje dette fører fram eller det kjem fram nye og relevante opplysnignar, vil vi søke NVE om fritak frå leveringsplikt, melder Mørenett til Volda kommune.

NVE har tidlegare gitt Mørenett fritak for leveringsplikta til Raudøya.