Ho skal halde preike under festspelgudstenesta og er med i samtale med Linda Eide og festspeldiktar Marit Eikemo.

Kari Veiteberg tok til som biskop i Oslo desember 2017. Ho kom til embetet frå stillinga som bymisjonsprest på Tøyen i Oslo og har ei mangfaldig karriere bak seg både som akademikar og prest.

– Då Kari Veiteberg blei vald til biskop i Oslo, var vi snare med å ta kontakt. Ho er både den første kvinnelege biskopen i dette embetet og den einaste noverande biskopen som er nynorskbrukar. Veiteberg er engasjert, klok og nyfiken og kjem til å tilføre søndagen mykje godt innhald, seier dagleg leiar ved Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Biskopen vil halde preika under den tradisjonsrike festspelgudstenesta i uteamfiet i Aasen-tunet. I tillegg møter ho festspeldiktar Marit Eikemo og Linda Eide til ein samtale i salen like etterpå.

– Dette møtet gler vi oss til. Desse tre er utforskande og tenkjande menneske som nok vil leite fram uventa perspektiv hos kvarandre, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.