Dermed forkasta kommunestyret samfunnsutvalet si tilråding, som gjekk på å opne Osgeila for generell trafikk, men ha einvegskøyring nedover om vinteren, og eit gjennomkøyring forbode-skilt i krysset Osborgevegen/Hansholen for å hindre trafikk frå Rystefeltet gjennom området.

Det nye vedtaket, som er mykje i tråd med Ulstein-rådmannen si opphavlege tilråding, medfører ei innstramming samanlikna med samfunnsutvalet si tilråding. Frå Melsvegen vert altså Osgeila skilta som blindveg, og skal berre nyttast av oppsitjarane rundt gata. Gjennomkøyring er forbode.

Nedover vert det tillate med bilkøyring, men berre frå områda Hansholen/Eliholen og Osgeila. Vegen vert skilta med gjennomkøyring forbode i krysset Hansholen/Osborgvegen. I tillegg kjem det ein fartshump i området ved Hansholen/Osborgvegen.

Utan at det er nemnt i vedtaket, går kommunestyret langt i å love ein ny samlevegen gjennom Smådalane, mellom Eliholen/Hansholen til Melsvegen. Der er ein detaljreguleringsplan no ute til høyring.

– Vi må ta brodden av osgeil-problematikken. Vi må prioritere bygginga av vegen i økonomiplanen i 2019 og 2020. Dessutan må vi også kome raskt vidare med 410 meter til Osborgvegen, og der vi også kan kombinere detaljreguleringa av denne vegstrekninga med nye tomter, sa ordførar Stein Aam.

Anke

Saka kom opp i kommunestyret fordi eit mindretal i samfunnsutvalet anka vedtaket der, og kravde ei handsaming i kommunestyret. Dette er det høve til.

Varaordførar Karen Høydal (Ap) meinte det var ei rett handling.

– Vi er kjende med at saka handlar om gamle avtalar, men no ynskjer vi løysingar knytt til vår tid. Kor mykje pengar og ressursar vi skal bruke på det gamle må nøye vurderast. Det einaste som kan løyse dette er ein ny veg. Kommunen er i gang. Det arbeidet skal halde fram, og det må vi prioritere, sa Høydal, og signaliserte at ho meinte at omseggripande tiltak, som t.d. fire fartshumpar, ville vere unødvendig bruk av pengar med ein ny tilførselsveg.

Hans-Olav Myklebust (Frp) var samd i dette. Han viste til reguleringsplanen frå 1975. Han seier at fleire av vegane som i dag vert nytta som køyrevegar, er regulerte til gang- og sykkelvegar. Det gjeld mellom anna Osgeila.

– Køyrevegane er ikkje bygde

– Dei vegane som skal vere køyrevegar er ikkje bygde enno. No må vi passe oss for ikkje å flytte problema over på andre. Då er det betre ikkje å gjere noko, og heller satse på ein ny veg som kan stå ferdig neste års, sa Myklebust, og fremja eit forslag om dette. Det forslaget fekk Frp sine fem røyster.

Marit Aklestad (SV) fremja Ulstein-rådmannen sitt opphavlege forslag.

– Vi som er her er ikkje trafikkekspertar. Vi er lekfolk. Vi må halde oss til Ulstein kommune si utgreiing. Det er dette som er best fagleg grunngjeve, og er også eit rimeleg kompromiss, sa Aklestad.

Etter eit gruppemøte gjekk dei fleste inn for dette framlegget med nokre mindre justeringar.

Då det vart klart at dette ville får fleirtal, åtvara leiar Inge Kolås i samfunnsutvalet sterk mot forslaget.

– No rotar de. Då er det meir ryddig ikkje å gjere noko, sa Kolås. Men det var berre han som stod fast på samfunnsutvalet sitt fleirtalsvedtak.

Fekk fleirtal: Arne Runar Vik (t.v.) fekk til slutt fleirtal for si opphavlege tilråding med nokre justeringar. Her i diskusjon med varaordførar Karen Høydal. Foto: Rune Sæbønes