Det er tida for vintersildefiske, og denne veka kunne NRK Møre og Romsdal melde nyheita som i generasjonar har vore etterlengta på kysten, nemleg at «Silde er koma».

Framleis betyr det aktivitet, arbeid og pengar i mange kystsamfunn. Andre stader er det historie.

Edvin Aarseth på Vartdal er ein av dei som hugsar gullalderen for sildefiske på 50-talet.

– Båtane gjorde seg klare i byrjinga av januar, og brukte å slå til frå januar og ut over. Fisket var ved Svinøya- nord om Stad. Berre på båtane frå Vartdal var det rundt 500 personar, fortel Edvin Aarseth.

Kontoret: Edvin Aarseth jobba på kontoret til Aarseth-reiarlaget. Interiøret er no ein del av butikkmuseet på Vartdal.

Mange i sving

Skipperen var som regel frå Vartdal. Basane, som har ansvaret for utøving av fisket, var oftast innleigde frå Hordaland og Nordland, der dei hadde meir erfaring med notfiske.

Basane hadde gjerne med seg eit par-tre karar dei stolte på, men mannskapet elles var stor sett lokalt. Det vil seie frå heile noverande Ørsta.

– Ofte kom dei som sjølve hadde vore fiskarar om bord med sonen eller sonesonen og ville ha plass til dei, fortel Edvin Aarseth.

Og den eldre generasjonen la ikkje noko i mellom.

– Dei sa det som det var at «han har droppa ut av skulen, men han er svære å arbeide». Så det var mange som fekk seg plass slik. Og når dei hadde fått plass så gjekk faren eller bestefaren til skipperen og sa at «du må berre drive dei hardt, for det har dei godt av», fortel Edvin Aarseth.

Ved kai: Ein del av fiskeflåten på Vartdal i 1949.

Ofte var det nettopp desse unge skuletrøytte ungdomane som vart gode fiskarar, meiner Edvin Aarseth.

Far til Edvin Aarseth, Pål, var ein av fleire brør som skipa Aarseth-reiarlaget. Reiarlaget har hatt 50 båtar, med stolte namn som «Veslekari», «Veslamari», «Furenak», «Hindholmen», «Buskøy» og «Dolsøy».

Edvin Aarseth var sjølv ikkje fiskar, men jobba på reiarlagskontoret på Vartdal.

Og denne tida av året var travel.

– Båtane som hadde skipperar frå Vartdal kom hit søndagar for å proviantere og ruste ut til ny tur, fortel han.

Vintersildefisket skjedde nært kysten, og gav raske pengar. Dermed var det rift om å få plass.

– Alle ville på silda, sjølv om dei måtte ligge i dobbelt køye. Dei hadde ofte kjempelottar. Det var vanleg med 10.000-12.000. kroner Det var meir enn ei årsløn denne tida.

Rekrutterte bondesøner

Det kunne vere verre å rekruttere folk til dei lengre turane, anten det var feitsildfisket nordpå om sommaren, eller dei 5–6 månader lange og harde turane til Grønland.

Edvin Aarseth fortel at faren bruke å reise på rekrutteringsturar til bygdene i Ørsta. Det skjedde gjerne rett etter konfirmasjonen om våren.

– Eg var med far min til Follestaddalen, Åmdalen og Sæbø, som regel veka etter konfirmasjonen. Då for far min ei runde for å hyre folk feitsilda. Vi sette oss på mjølkerampane, og då kom folk frå eine og andre kanten. Dei hyrte mange på denne måten, fortel Aarseth.

Men dei møtte og motstand.

– Faren til ein ung gut sa athan måtte vere heime for det er så mykje å slå. Men då sa far min: «eg kan kome og hjelpe til å slå». Guten vart med på feitsilda på «Lepsøy» og var fiskar i mange år.

No: Slik går sildefisket føre seg i våre dagar.

Toppåret for sildefiske var 1956. Deretter gjekk det jamt nedover, og silda måtte fredast.

Men sildestamma vart bygd opp att og har gitt grunnlag for nye meldingar om at «Silda er koma!»