Fleire fly som skulle ta av frå Hovden torsdag morgon vart innstilt. Årsaka var mykje vind.

Både morgonflyet til Oslo klokka 06:20, og flyet til Bergen klokka 07:05 vart innstilt. Også avgangen til Oslo klokka 09:25 vert innstilt, melder widerøe.

Flyet som skal gå klokka 10:25 til Oslo kjem til å gå litt etter ruta.

Dei andre avgangane frå Hovden utover dagen er berekna å gå etter oppsett rutetid.