Det kjem fram i Folkehelseprofilen 2018 for Ørsta kommune. Tidlegare denne veka vart folkehelseprofilane for alle kommunane i landet publisert av Folkehelseinstituttet.

Folkehelseprofilen tek for seg nokre trekk ved folkehelsa i Ørsta. I aldersgruppa 45 år og eldre er prosentdelen som bur åleine lågare enn landsnivået. Tjuetre prosent av ørstingane over 45 år bur åleine, medan landssnittet er 25,3 prosent. Prosentdelen barn (0-17 år) som bur i husstandar med låg inntekt, er lågare enn landsnivået. Låg inntekt er her definert som under seksti prosent av nasjonal medianinntekt. Prosentdelen barn som bur trongt er lågare enn landssnittet.

Nøgde

Det kjem og fram at ungdomsskuleelevane i Ørsta er litt eller svært nøgde med lokalmiljøet sitt. Det er ikkje eintydig forskjellig frå landsnivået. Prosentdelen tiandeklassingar som trivst på skulen er ikkje eintydig ulikt landsnivået.

– Kommuneverdien kan likevel skjule store variasjonar mellom skular, heiter det i Folkehelseprofilen.

Fråfallet i vidaregåande skule skil seg ikkje frå landssnittet, men det blir påpeika at fråfallet er ei viktig folkehelseutfordring i heile Noreg.

Lågare enn landssnittet

Tala viser at ungdomsskuleelevane i Ørsta rusar seg mindre enn landssnittet. Tala er henta frå Ungdata-undersøkinga. I Ørsta hadde 8,9 prosent følt seg tydeleg rusa. I Møre og Romsdal var denne svarprosenten tolv og landssnittet er tretten prosent. Talgrunnlaget for bruk av cannabis blant ungdomsskuleelevar er utilstrekkeleg vert det opplyst i Folkehelseprofilen.

Forskjellen i forventa levealder mellom dei som har grunnskule som høgaste utdanning og dei som har vidaregåande eller høgare utdanning, er mindre enn landsnivået. Mennene i Ørsta har ein forventar levealder på 79,6 år og kvinnene er venta å leve til dei er 85,4 år. Landssnittet for mennene er 78,8 år og for kvinnene er snittet 83,1.

Godt vatn

Medan berre 82 prosent av bebuarane i Møre og Romsdal meiner dei har godt drikkevatn, meiner 94 prosent av ørstingane at drikkevassforsyninga er god. Landssnittet er på 88 prosent.