– Eg gler meg. Klart det. Det vert kjekt, seier ein nøktern Bondhus om hendinga som skal skje 22. april på Ørsta kulturhus.

Framsyninga er ei soloframsyning om Frode Alnes sitt liv med gitaren, der han fortel om instrumentet som ven, trøyst, gledesspreiar, reisefølge og som kunstnarisk uttrykk. Framsyninga er rost opp i skyene fleire stader, og terningane har rulla både på femmarar og seksarar.

Bondhus var ein av om lag 20 namn i bunken som kulturhussjef Janne M.G. Skarstein hadde å velje mellom då Alnes etterlyste ein lokal gitarist til å vere med å spele saman med han på scena på eitt av nummera. Nokre melde seg sjølv. Andre vart påmeldt av andre. Bondhus sitt namn hamna i bunken etter påmelding frå mora.

– Ho visste vel at eg ikkje kom til å gjere det sjølv, humrar han.

Men når det først var klart, synest han at det er stas å få spele saman med ein av dei som har inspirert han til å spele gitar. Bondhus byrja å spele då han var åtte år.

– Og kvar fredag var det rett heim frå skulen for å sjå på Go’ Elg på TV, der Alnes hadde eit gitarkurs. Han gjorde inntrykk på meg, fortel han.

For Skarstein var valet ganske enkelt, fortel ho.

– Her var mange gode namn, alle verdige ein tur på scena med Alnes, men no er det verkeleg Hans Robert sin tur til å få glitre litt også. Han står på for kulturlivet i Ørsta, både gjennom jobben som gitarlærar i kulturskulen, og som ein av dei som står bak Musikk i sentrum, der han tilbyr ei scene for mange andre. Han løftar alltid andre fram. No skal han sjølv få vise kva han kan, seier ho.

Akkurat kva Hans Robert Bondhus og Frode Alnes skal spele, vil dei ikkje røpe. Bondhus har hatt ein prat med Alnes om akkurat dette, og har kome til semje om ein instrumentallåt dei skal framføre.

– Både Hans Robert og Frode fortener fullt hus på denne konserten, med soveposekø utanfor billettluka. Dette vert utruleg bra, forsikrar kulturhussjefen, som også røper at billettsalet allereie i gang.

– Dette er ein konsert du ikkje vil gå glipp av!