Oppdrett av mink og rev har ei 100-årig historie i Ørsta. Ein pioner var Ole Erdal (1874- 1970). Han var ein allsidig forretningsmann frå Erdal i Barstadvik. I 1916 kjøpte han eit par revekvelpar frå Nord-Amerika, saman med to andre. Prisen var 15.000 kroner, og det var ei formue den gongen. På bruket sitt i Erdalen bygde han revebur som etterliknar revehi i steinur. Bura er støypte ned i bakken.

– Bura finst framleis og som kulturhistorisk dokumentasjon på pionertida for ei viktig næring er dei vurderte til å vere kulturminne av lokal verdi, står det i Kulturminneplanen.

Pelsdyrnæringa vart nyleg vedtatt nedlagt av noverande regjering, så dette kulturminne er i høgste grad aktuelt. Næringa har vore ei typisk attåtnæring.

– I mellomkrigstida vart pelsdyroppdrett eit viktig innslag i landbruksnæringa på Sunnmøre, står det i Kulturminneplanen.