Likevel vil Volda delta på det planlagde felles formannskapsmøtet med Ørsta den 21. februar, der ein felles samferdselspakke for dei to kommunane er hovudtema.

Formannskapet i Volda vedtok rådmannen si tilråding om å gå vidare med samferdselspakken, som inneber ei delvis bompengefinansiering. Vidare å setje ned ei forhandlingsnemnd for å få sluttført den felles samferdselspakken.

Men det er tydeleg at politikarane i Volda irriterer seg grenselaust over Ørsta si framferd i denne saka. Rett nok fekk eit forslag frå Odd A. Folkestad (Frp) om å avslutte samarbeidet med Ørsta om ein felles samferdselspakke no, berre hans eiga røyst.

- Har ingen venner

– Ørsta er i ferd med å demonstrere at dei ikkje har nokon venner i samferdselspolitikken. Ørsta viser ei nesten fiendtleg haldning i saka om samferdselspakken, sa Folkestad.

Han meiner at nye trafikktal underbyggjer at Volda godt kan gjennomføre Voldatunnel-prosjektet åleine, utan å ha noko samarbeid med Ørsta. Då handlar det om ein bom i sjølve Voldatunnelen når han er ferdig, og ein langs eksisterande E39 mellom Volda sentrum og Furene.

Sjølv om Folkestad vart åleine om sitt forslag å avslutte samarbeidet no, fekk han sympati frå fleire.

– Eg er mykje samd med Folkestad, men meiner det er feil å avslutte samarbeidet no. Men kanskje etter det felles formannskapsmøtet, sa Dan Bjørnset (H).

- Dette er vilt

Årsaka til den store irritasjonen er mellom anna at Ørsta i arbeidet undervegs med den felles samferdselspakken har fronta miljøtiltak i Ørsta sentrum som viktige, og at det i formannskapet i Ørsta vart demonstrert stor motvilje mot ein bomstasjon i Hovdebakken. Det er eit av fleire alternativ for bomstasjonsplasseringar.

Ikkje alle politikarane i Volda formannskap var like steile i synet sitt på Ørsta.

– Det vil vere merkeleg at Volda kommune ei veke før eit felles formannskapsmøte skal trekkje seg ut. Det er så vilt at dette kan eg ikkje vere med på, sa Gunnar Strøm (SV).

Ordførar Jørgen Amdam påpeikte at nokre av prosjekta i Ørsta også kan sjåast på som Volda-prosjekt. Som til dømes utbetring av flyplasskrysset.