Jarl Magnus Rieber var absolutt med i medaljekampen etter hopprennet i Sør-Korea i morgontimane. I langrennet var han i medaljekampen heilt til siste bakke. Då vart det for tøft, og Rieber tok ein fjerdeplass.

Under kan du lese saka Sunnmørsposten hadde om bestefar Gunvald frå Ørsta:

– Jarl Magnus har vore mykje og lenge plaga av skader og sjukdom. Men no ser det lovande ut!

Dette seier morfar Gunvald J. Sætre (75). Dottera Anne Kristin flytte til Oslo alt då ho var kring 20 år gamal. Der gifte ho seg inn i familien Riiber, som gjennom generasjonar har dyrka kombinertsporten. Både faren og farfaren til OL-deltakar Jarl Magnus Riiber var vore utøvarar og veit kva det vil seie å setje utfor ein større hoppbakke. Dermed tyder alt på at sporten ligg direkte inne i genane for den unge OL-utøvaren – som skal i elden i Sør-Korea i dag.

Hundeførar utan stress

Då sit alle fall morfar Gunvald Sætre i Ørsta som ein general med fjernkontrollen.

– Det kjem til å bli spennande ja, ingen som helst tvil om det. Men eg brukar som regel å halde roa oppe, og pulsen nede – nesten uansett kva som skjer, smiler Gunvald Sætre. Han har bak seg ein lang karriere som hundeførar med lavinehund, ein av dei første godkjende ekvipasjane i distriktet.

– Har kanskje også du vore skiløpar? Eller skihoppar?

– Det var ei tid – då skihopp faktisk stod svært sterkt her i Ørsta. Ei tid då ein ikkje nødvendigvis spesialiserte seg så sterkt. – Såleis var målvakt på Ørsta-laget gjennom 20 år, Olav Gåsvær, også mellom dei fremste skihopparane, fortel Sætre.

Mange små hoppbakkar

– Men spørsmålet var altså du sjølv, hoppa du også på ski?

– Eh, jau, vi hadde vel ein femtimetersbakke i området her. Og dei fleste av oss som budde rundt den bakken måtte jo prøve oss, medgjev Gunvald Sætre – fødd og oppvaksen her i Sætrebakkane nordvest for Ørsta sentrum.

– Så då har truleg dottersonen din i Sør-Korea nokre hopp-genar frå Ørsta også?

– Det skal ikkje eg skryte på meg å ha gitt vidare, men eg håper jo at der ikkje er minus heller, smiler Sætre. Han fortel at både Jarl Magnus og den to år eldre broren har vore mykje på besøk i Ørsta, heilt sidan dei var smågutar.

– Då hadde vi det veldig kjekt i lag i bakkane her, særleg på vinterstid. Det vart laga små hoppbakkar og hoppa, over alt der det gjekk an å få ein nokolunde kurvatur ut av terrenget.

– Også seinare har dei vore minst like ivirige, men då har det vore mest på Ørsta skisenter på Bondalseidet og slikt, fortel bestefaren.

Skada seg på snøskavlhopp

Han fortel at nettopp på Bondalseidet pådrog OL-håpet Jarl Magnus seg ein lei skade ein gong han var heime i Ørsta.

– Dei dreiv og brukte ein snøskavl som hopp, og landa i djup laussnø. På eitt av sine hopp vart Jarl Magnus hengande fast med eine staven og rykte skuldra si ut av ledd. Det skulle vise seg å bli ein skade som måtte opererast, og som sette guten eit par år tilbake i utviklinga som kombinertløpar. Det var ille med det hoppet, minnest Sætre. Han gjev også skisenteret på Bondalseidet «skulda» for at det vart slutt med miljøet kring hoppbakkane i området.

– All interesse vart flytta til området der folket med alpinski samla seg, og det vart heilt slutt på lokal hoppsport, konstaterer Gunvald Sætre.

Hoppforma vil avgjere

Men det er nettopp i hoppbakken at han trur dottersonen Jarl Magnus Riiber må gjere det, dersom han skal lukkast i OL.

– Han er no mellom dei fremste hopparane internasjonalt, den påstanden vågar eg. Og han har hatt framgang i sporet.

– Skal han ha von om pallplassering i Sør-Korea må han først gjere eit topp hopprenn, helst vinne med bra margin.

– Eg vurderer at han bør ha minimum førti sekund forsprang i langrennsdelen, helst eit heilt minutt. Det er mitt unskje for guten. Då kan det bli svære greier, drøymer bestefaren. Han er klar over at Jarl Magnus har vore plaga av fleire uheldige sjukdomsperiodar no i oppkøyringa, seinast i jula.

– Men under eit internasjonalt trippelrenn i Austerrike for ikkje lenge sidan vart han toar. Det er den plasseringa som gjer meg til optimist, seier Gunvald J. Sætre.

Artikkelen var fyrst publisert i Sunnmørsposten

Bestefar Gunvald heiar på barnebarnet Jarl Magnus Riber i OL. Foto: Rune Sæbønes