(Sunnmørsposten):Ein mann i slutten av 20-åra frå søre Sunnmøre er dømd til samfunnsstraff i 36 timar for manglande rekneskapsføring. Straffa skal gjennomførast i løpet av 90 dagar. Dessutan får staten inndra 30.000 kroner til fordel for statskassa.

Ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett førte ikkje mannen rekneskap verken i 2014 eller 2015, trass i at enkeltpersonføretaket hadde ei omsetning på til saman 1,1 millionar kroner desse åra.

Søre Sunnmøre tingrett meiner brotsverket er så omfattande at det i utgangspunktet skal føre til ubetinga fengselsstraff. Utan strafferabatt handlar det om 21 dagar fengsel, men mannen har fått samfunnsstraff på grunn av fleire formildande omstende.

Det gjekk lang tid frå Skatt Midt-Norge melde mannen til han blei kalla inn til politiavhøyr, noko som har vore ei stor belastning. Han har også tilstått forholdet.

Retten skriv at manglande rekneskapsføring i dette tilfellet ikkje handlar om eit bevisst opplegg for å sleppe å betale skatt og avgifter, men om manglande forståing og kunnskap om det å drive sjølvstendig næringsverksemd.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.