Barnehageforeldre i Ørsta er fortvila og sinte etter at det har kome fram at dei kommunale barnehagane i strammar inn i ferieavviklinga.

Grunna budsjettinnsparingar vert det fire veker sommarstengde barnehagar, mot to veker som har vore vanleg siste åra. Då sparer kommunen lønsutgifter på sommarvikarar.

Foreldra er i sjokk både fordi ferieavviklinga i barnehagane skaper store problem for dei reint praksis, men også fordi dei ikkje er informert om dette før no.

Tysdag kveld kalla styrarane for dei kommunale barnehagane inn til eit møte med samarbeidsutvala for alle dei sju barnehagane Ørsta kommune eig og driv. Der sa styrarane seg leie for at samarbeidsutvala ikkje hadde vorte involvert i prosessen med innsparingar i barnehagesektoren.

I samband med budsjetthandsaminga i november og desember kom det fram at barnehageseksjonen vart pålagt å spare 1,2 millionar kroner. Administrativt vart hovudgrepa å avvikle den nye barnehageavdelinga på Sæbø, auke barnetalet per vaksen og innføre felles firevekers ferie for dei kommunale barnehagane.

Då formannskapet handsama budsjettet, låg endringane inne.

– Då vart budsjettet lagt ut til høyring i fjorten dagar før kommunestyrehandsaminga. Uheldigvis vart det ved ein glipp ikkje orientert til samarbeidsutvala at dei har uttalerett. Dette seier vi oss leie for, sa styrarane på møtet.

Då kommunestyret handsama saka, vart kuttet på 1,2 millionar kroner godkjent. Men kommunestyret ville ha ei ny vurdering av den nye barnehageavdelinga på Sæbø etter at barnehageopptaket vart gjort. Det skjer i mars.

Oppskaka foreldre

Rådmannen sine andre to punkt, om bemanningsnorm og feriestenging, fekk ingen merknader frå kommunestyret. Det kan også hende at punktet om fleire born per vaksen ikkje kjem, då det er venta at Stortinget vedtek ei ny bemanningsnorm for barnehagane som skal gjelde frå 1. august.

Foreldra frå samarbeidsutvala er svært oppskaka over det som har skjedd. Dei påpeika overfor styrarane at informasjonen har vore svært mangelfull. Både når det gjeld prosessen rundt budsjettvedtaket på slutten av fjoråret, og informasjonen om at ei utvida feriestenging faktisk skal gjennomførast denne sommaren.

Fleire foreldre meiner dette er eit kontraktsbrot.

– For gjennom barnehagevedtektene har vi som foreldre ein avtale med Ørsta kommune om kor mykje borna våre skal vere i barnehagen, og kva vi skal betale, påpeikte Ragnhild Aasen, foreldrerepresentant i SU ved Vartdal barnehage.

Til stades på møtet var også seksjonsleiar Reidun Mo for barnehageseksjonen. Ho forklarte at innstrammingane var presiserte i tekstdelen til budsjettet, og at saka no er eit politisk ansvar.

Ho forsvarte dei innstrammingane som har vorte gjort, så lenge ho fekk instruksjon om å spare 1,2 millionar kroner.

– Innstrammingstiltak er aldri gode forslag. Men dette er det som råkar minst, sa Mo.

Ho sa seg også lei for at prosessen ikkje har vore god nok, og oppmoda foreldra til å organisere seg betre.

– Eg opplever dette som ei ansvarsfråskriving, sa Ragnhild Aasen.

Ho og dei andre foreldra er svært uroa over at feriekuttet vil ramme skeivt sosialt.

– Dei med eit stort nettverk kan greie å få dette i hop. Men barnefamiliar utan eit slikt nettverk og med dårlegare økonomi, vil få det vanskeleg til sommaren, sa ein forelder.

Foreldra vil no ta saka opp politisk, og der vil dei peike på mangelfull involvering, ei involvering dei etter lovverket skal ha. Dei vil peike på avtalebrot og lovbrot, og dei vil be om at ferieordninga for 2018 vert reversert.

Må stramme inn: Seksjonsleiar Reidun Mo må stramme inn 1,2 millionar kroner i barnehagesektoren, har kommunestyret bestemt. Foto: Rune Sæbønes