– Dette gjekk over all forventning. Det har vore veldig godt besøk, uttaler ein fornøgd Johnny Øye hos Øye Maskin AS i ei pressemelding.

Den nybakte drivaren av det tradisjonsrike firmaet på Vartdal inviterte måndag til jubileumsfeiring.

– Eg starta opp i romjula 1977, så det er ganske så nøyaktig 40 år sidan, fortel Nils Arne Øye, grunnleggar og tidlegare dagleg leder av Øye Maskin AS.

Etter sitt debutår kan Johnny sjå tilbake på eit suksessrikt år, der omsetnaden heldt seg stabil, trass i bortfall av ein tidlegare viktig leverandør.

– No satsar vi fullt på CLAAS som traktorleverandør, og i fjor oppnådde vi ein omsetnad tett på 23 millionar kroner, fortel Johnny.

Kundane kjem frå Vestnes i nord til Stryn i sør, og mange av dei kjem igjen og igjen. I dag har bedrifta sju tilsette, kor to er selgarar og to er mekanikarar. Saman køyrer dei rundt med to servicebilar, ein seljarbil og ein lastebil, og det er ikkje reint så få mil som vert tilbakelagt i løpet av året.

Trass i at den største kundegruppa – bønder – reduserast i mengda, blir dei som er igjen stadig større, og investerer i både meir og dyrare utstyr. Utviklinga gjennom Nils Arne sine 40 år i bransjen har vore enorm, og det gjeld å henge med i svingane.

– Vi må stadig bli betre på elektronikk, og det er mykje meir å sette seg inn i ein ny traktor i dag, kontra for 40 år sidan. Alt var enklare og mekanisk då, men vi har følgt utviklinga og prøvar å henge med så godt vi kan. Det som til slutt tel mest for kundane er likevel den oppfølginga dei får etter ein handel, og det er der vi gjer ein forskjell. For oss er det viktigare å vere god på service, enn å ha størst mogleg omsetnad. Dei som kjøper noko av Øye Maskin, gjer det for å få god service, understrekar bransjeveteranen.