– Dette var ein vekkar, no skal eg i alle fall ha med både mobilladar, mat og drikke i bilen, seier han.

Sandal bur i Hovdebygda i Ørsta og jobbar hos ComNet på Skeide i Ulstein. Kvar dag køyrer han til og frå jobb gjennom Eiksundsambandet.

Kø etter Selvågtunnelen

– Eg høyrde om ulukka på radioen rett etter at eg drog frå jobb måndag, men eg håpte at vegen ikkje kom til å vere stengd så lenge. Difor køyrde eg innover mot Eiksund, seier han.

Nokre hundre meter etter Selvågtunnelen møtte han køen. Mange av bilistane framom valde å snu, og til slutt var Sandal heilt framme ved avkøyringa til den gamle ferjekaia i Eiksund.

– Eg fekk informasjon frå ein brannmann om at vegen kom til å vere stengd i mange timar. Men eg valde å verte verande der, sidan det også var stengd ved på Sulesund.

Etter at mange valde å snu, fare heim eller prøve seg på omkøyring via Hareid, var Sandal ei stund den einaste i personbil på staden.

– Då spurde ein brannmann meg om eg kunne hjelpe til med å stenge vegen ved å setje bilen min på tvers i vegbana. Så det gjorde eg, medan han sjølv sprang bort til ulukkesstaden og var der nokre minutt, fortel Daniel Sandal.

Bilen gjekk på tomgang

Etter ei stund kom det mange bilar og stilte seg opp i kø bak Sandal.

– Sidan eg stod fremst, såg eg korleis naudetatane jobba på staden. Difor masa eg ikkje. Det var sikkert verre for dei som stod lengre bak og ikkje såg det som skjedde på staden.

Hadde du nok drivstoff på bilen?

– Det var ganske kaldt ute, rundt 0 eller 1 plussgrad, så eg måtte la bilen gå på tomgang for å halde varmen. Eg følgde med på målaren på dashbordet, og det viste seg at det gjekk rundt ein halv liter drivstoff i timen. På dei seks timane med venting gjekk det med andre ord med tre liter, fortel Sandal.

Mobilen hans gjekk tom for batteri rundt ein time før vegen var opna igjen.

– Eg hadde litt vatn, men ikkje noko mat, for eg skulle heim og ete middag etter arbeid. Det enda faktisk med at sambuaren min, som jobba seinvakt som sjukepleiar i Volda kommune, kom heim før meg og laga mat.

Kjende seg fanga

Daniel Sandal synest det kom ut litt for lite informasjon.

– Eg har varsling frå politiet på Twitter og eg følgde med på nettaviser, men eg synest det var lite som kom ut. Eg kjende meg ganske fanga på staden. Eg håpte vel at det skulle gå mykje kortare tid. Då det hadde gått tre timar, følte eg at eg ikkje kunne fare nokon plass, då ville eg ha hamna sist i ein annan kø, seier han.

Vegen vart opna litt etter kl. 22.00 måndag kveld.

– Eg skjønar sjølvsagt at naudetane må gjere eit omfattande arbeid etter ei slik ulukke, så all ære til dei. Eg forstår også at det var vanskeleg å seie kor mange timar vegen kom til å vere stengd, seier Sandal.

Saka  vart fyrst publisert på vikebladet.no