Det er framlegg om å redusere minstearealet for hjortejakta i Volda. Det opnar for at det kan skytast fleire dyr.

Bakgrunnen for saka er at talet på hjortepåkøyrslar aukar. Berre i 2017 var det meldt 36 hjortepåkøyrslar.

Eit estimat tyder på at dette kostar Volda kommune 1,3 millionar kroner i 2017. Difor meiner viltforvaltninga at det er naudsynt å ta grep.

– Det fyrste vi kan gjere er å endre minstearealet slik at ein kan tildele fleire løyve, og dermed redusere hjortestamma, heiter det i saksutgreiinga.

Det vart sett jaktrekord i Volda i 2017 med 508 skotne hjortar. Mange vald skaut heile kvoten.

Forslaget er at minstearealet vert redusert til 400 daa per dyr når fellingsløyva skal delast ut. Det er det same som Ørsta kommune har.

I tillegg kan det opnast for å gje dispensasjonar.