Formannskapet i Ørsta rår samrøystes kommunestyret til å vedta at det skal krevjast eigendel frå oppsitjarane på Vallabøen.

Kommunestyret skal torsdag handsame ei sak om skredsikringa av Vallabøen. Kommunestyret skal ta stilling til prinsippet om distriktsdel og eigenbetaling.

Fonnvernprosjektet for Vallabøen er lyst ut på tilbod, og det er Kjell Arne Aurstad AS som har fått tilslaget på 22,176 millionar kroner.

NVE dekkjer 80 prosent av kostnaden, og då vert det kravd ein såkalla distriktsdel på tjue prosent.

Ørsta kommune ser føre seg at kommunen tek 61 prosent av desse kostnadene, og oppsitjarane som får verna sine eigedommar resten.

Kommunen tek då 3,185 millionar kroner av kostnadene, medan det vert sett opp 2,015 samla for dei eigedomane som ligg i skredområdet.

Når kommunen tek i overkant av seksti prosent av kostnadene med distriktsdelen, er det fordi Vikemarka skule ligg i området, i tillegg til kommunal infrastruktur

Oppsitjarane protesterer før møtet torsdag.

– Vi er klar over at det finst eit prinsippvedtak frå 1981 som gjer det teoretisk mogleg for kommunen å kunne krevje inn eigendel. Men det er fleire høve som gjer at vi i denne saka opplever det som urimeleg og urettferdig at oppsitjarane skal bli kravd for eigendel i det heile, heiter det i eit skriv frå dei 59 oppsitjarane. Dei viser til turvegen som skal kome på sjølve vollen.

– Dette vil bli ein attraksjon i seg sjølv og positivt for folkehelsa. Ordføraren har sjølv uttalt at dette er eit tiltak som vil kome heile Ørsta til gode. Det er vi einige i, men det er ikkje rettferdig at vi som oppsitjarar skal vere med og finansiere eit slikt tiltak som kjem heile fellesskapet til gode og som er kommunen sitt ansvar, heiter det mellom anna frå oppsitjarane.

Dyr verdifastsetjing

Vidare peikar dei på at det kan bli svært vanskeleg å fastsetje eigendelane på ein rettferdig måte for dei husstandane som per i dag er rasutsette.

– Som det står i saksutgreiinga har ikkje kommunen rett til å krevje inn eigendel som er høgare enn den faktiske verdiauken for kvar enkelt husstand, og den reelle verdiauken er høgst usikker. I praksis må ein regne med å måtte bruke skjøn frå takstmann for individuell vurdering av verdiauke for kvar husstand. Dette vil ifølgje saksutgreiinga koste minst 240. 000 kr, i tillegg til auka tidsbruk for administrasjonen. Med andre ord vil det vere ein betydeleg kostnad for å krevje inn eit relativt lite beløp for kommunen, seier oppsitjarane.

Dei er også kritiske til at det ikkje er gjort tydeleg i saksutgreiinga kor mange og kva eigedomar som faktisk er tenkt skal bidra.

– Det er vanskeleg å sjå korleis det kan vere rettferdig at desse eigedomane skal bli kravd for eigendel sidan risikoen i praksis er uendra, seier oppsitjarane.

Kommunen sitt argument for eigendel er likebehandling.

– I seinare tid har det vore saker med sikring mot flaum på Håvoll og på Sæbø. På Håvoll vart det kravd inn om lag 8000kr, og på Sæbø endå mindre. Desse eigedomane vart også fri for restrisiko. Dette er ein heilt annan storleiksorden enn dei 45.000kr som ein tenker seg å krevje inn frå oppsitjarane på Vallabøen, heiter det frå oppsitjarane.

Dei meiner at i sum er kommunen best tente med ikkje å krevje eigendel.

– Vi ser ikkje føre oss noko anna løysing som oppfyller krav om lik og rettferdig behandling av innbyggjarane i dette tilfellet.