Har frigitt namnet på den omkomne

Politiet har tysdag formiddag frigitt namnet på mannen som omkom i ulukka ved Eiksundbrua måndag ettermiddag.

Frå ulykka i Eiksund måndag.   Foto: Vikebladet Vestposten

Nyheiter

(Vikebladet:)Den omkomne var 82 år gamle Inge Bigseth frå Hareid.

Inge Bigseth døydde på staden etter at bilen hans kolliderte med ein annan bil på Eiksundbrua.


Eiksundsambandet var stengt i seks timar

Dødsulykke ved Eiksundbrua

Ein eldre mann omkom etter møteulykke.

 

Ifølgje lensmann Hans-Eirik Pettersen fekk bilen truleg skrens på det glatte føret og kom over på feil side av vegen.

Den omkomne skal obduserast, for å fastslå dødsårsaka.

Lensmannen reknar med å ha svar på obduksjonen i løpet av nokre dagar.