God vekst for Hovden

8.895 personar flaug til eller frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden i januar.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

Dette er ein auke på 5,0 prosent samanlikna med same månad i fjor, viser tala frå Avinor.

I 2017 opplevde flyplassen vekst i ti av tolv månader, og det til trass for færre avgangar enn året før.


Hovden auka mest i vest

Det var færre avgangar frå Ørsta-Volda lufthamn i 2017 enn året før. Likevel auka passasjertrafikken med seks prosent.

 

Sandane lufthamn gjekk til bake med 5,3 prosent og hadde totalt 2.519 passasjerar i januar.

Florø auka med 4,3 prosent og hadde 8.078 passasjerar. Førde auka med 5,3 prosent og hadde 6.679 passasjerar i januar.


Har bikka 100.000

Passasjertrafikken har bikka 100.000 på Hovden så langt i år.