Vil satse på lærlingar, men har kutta pengane til ordninga

Politikarane i Ørsta vil gjerne satse på lærlingar. Men ein konsekvens av budsjettvedtaket i desember er at pengane er vekke. Det vil politikarane no gjere noko med.

Ynskjer fleire: Hans-Olav Myklebust (Frp) ynskjer at kommunen skal ha fleire lærlingar enn i dag – og fleire yrkesgrupper.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Til ei kvar tid skal Ørsta kommune ha inne seksten lærlingar under opplæring, har kommunestyret tidlegare vedteke.

Inntaket av lærlingane fordeler seg over fleire år. I mars i år er det meininga å ta inn seks nye lærlingar. Det vil koste kommunen 350.000 kroner i løns- og administrasjonskostnader. Då er eit eige lærlingtilskot frå fylkeskommunen trekt vekk.

Desse pengane har kome frå rådmannen og hennar stab sin eigen post. Men under budsjettmøtet i desember, vart løyvingane til rådmannen og hennar stab kutta.


Robin fekk lærlingsplass

Få av klassekameratane til Robin Grinde har vore like heldige som han. Dei står utan lærlingplass.



Kåra til årets lærebedrift

Fekk pris for langsiktig arbeid med lærlingar.

 

Kutt eller fond

Då spørsmålet om å ta inn nye lærlingar kom, hadde rådmannen to val. Anten å kutte i lærlingordninga med ikkje å ta inn nye, eller finne pengane ein annan stad.

Difor foreslo ho overfor formannskapet å ta pengane frå disposisjonsfondet.

Kommunen skal til ei kvar tid ha inntil 10 helsefaglærlingar, fire barne- og ungdomsfaglærlingar og to institusjonskokk-lærlingar.

Formannskapsmedlemmene var samrøystes om å godta at disposisjonsfondet vert nytta.

– Men lærlingordninga burde ha vore finansiert med lønsmidlar frå det ordinære lønsbudsjettet til dei ymse seksjonane, sa Hans-Olav Myklebust (Frp).

Han var også oppteken av at kommunen opna for fleire yrkesutdanningar under lærlingordninga. Han kunne tenkje seg at også teknisk sektor kunne ta i mot lærlingar, til dømes i vedlikehaldsseksjonen.

– Og så bør vi sjå annleis på organiseringa, og lære av dei private. Private bedrifter er mykje flinkare til å ta i mot lærlingar enn kommunen, sa Myklebust.

Arbeidsgjevarstrategi

Varaordførar Karen Høydal (Ap) peikte på at det er avgjerande for kommunen å ha lærlingar vidare. Ikkje minst med tanke på det som er i vente med vidaregåande utdanning.

– Vi er i kjømda med ein ny vidaregåande skule i Ørsta. Då må vi vere tydelege på at elevane kan få fagbrevet sitt her i kommunen, sa Høydal.

Paul Kristian Hovden (KrF) var også kritisk til at ordninga vart dekt inn med disposisjonsfondet, men poengterte at lærlingordninga er viktig

– Dette høyrer også til arbeidsgjevarstrategien, og korleis vi sikrar at vi for framtida har fagarbeidarar, sa Hovden.

Gunnar Knutsen (V) påpeikte at Ørsta kommune i praksis har monopol på eldreomsorga.

– Då har vi eit spesielt ansvar for å ha nok lærlingplassar til tenestene vi skal levere, sa han.

Per Are Sørheim (H) tok utgangspunkt i Tussa Installasjon.

– Der er det 23 lærlingar. Det vert ikkje sett på som ein kostnad, men at det er folk som medverkar til verdiskapinga. I kommunen vert lærlingar sett på som ein kostnad. Men seksten lærlingar er ikkje mykje i ei verksemd med tusen tilsette. Lærlingane er avgjerande for verdiskaping og kunnskap, sa Sørheim, og sa han reagerte på at lærlingane vert sett på noko som er på sida av dei tilsette, og ikkje som ein del av dei tilsette.

– Lærlingane produserer

Rådmann Wenche Solheim understreka at det ikkje er tvil om at lærlingane produserer.

– Og vi er faktisk ganske gode på lærlingar, men vi kan verte betre. Då vi fekk dei fyrste lærlingane i si tid, vart dei sett på som elevar. Vi har gått ein veg til dit vi no ser at lærlingane gjennom eit toårig læreløp produserer femti prosent, sa Solheim.

Formannskapet vedtok å rå til overfor kommunestyret at det vert løyvd pengar frå disposisjonsfondet, men at det vert laga ei eiga sak før budsjetthandsaminga for 2019 om ein annan måte å organisere lærlingarbeidet på.