Kunstgras på Vartdal

Seier nei

Arvid Sætre og Olav Sætre vil ikkje ha kunstgras på Vartdal.

Kunstgras: Arvid Sætre og Olav Sætre ønskjer ikkje at det vert bygt kunstgrasbane i samband med etableringa av idrettsanlegg på Vartdal. 

Nyheiter

Dette går fram av to merknader i samband med planane om å etablere kunstgrasbane for fotballen på Vartdal. Det er m.a. omsynet til miljø som er årsaka til at Arvid og Olav Sætre ikkje ønskjer kunstgras.

– Eg var med og forhandle fram ein avtale om fotballbane på Vartdal. Avtalen var eit kompromiss som på ulikt vis imøtekom viktige behov for oss grunneigarar og naboar som vi kunne leve med. Det var ein klar føresetnad for fotballbane-prosjektet at de var den forhandla fram avtalen som skulle gjelde og at den skulle vere endeleg. Denne avtalen står sjølvsagt ved lag frå mi side. Endringane som er skisserte i motteke nabovarsel ser eg som brot på avtalen, og kan difor ikkje aksepterast.

Det seier Arvid Sætre i ein merknad til Ørsta kommune.

Ureining

Han viser også til at de kan vere mykje ureining frå kunstgrasbaner.

– Mange tonn med gummigranulat forsvinn kvart år frå ei slik bane, og hamnar i området rundt, og til slutt i havet. Dette er ifølgje media ei av dei største landbaserte ureiningskjelder når det gjeld mikroplast. I tillegg har det vore fokusert mykje på miljøgiftene ein del av desse banedekka inneheld, og skadeverknadene dette har spesielt for omgivnadene rundt, seier Sætre.

- Problematiske forhold

Han kan ikkje sjå at nabovarselet inneheld noko om korleis utbyggar held seg til desse forholda.

– Dette er forhold det ikkje går an å sjå bort frå, og det er alle sitt ansvar å medverke til at problem som dette vert løyste, og at ureining kan stoppast, seier Arvid Sætre.

Han meiner dette er spesielt viktig ettersom bana er plassert like ved skule og bustadhus med hagar som vert nytta til matproduksjon. Sætre vil ha tilfredsstillande løysingar før han kan samtykke til nabovarselet.

– Inngrep

Også Olav Sætre er kritisk til kunstbanebygginga.

– Heving av bana og området rundt med 0,5 meter og å gå over til kunstgras, er ikkje nemnt. Dette er eit inngrep eg ikkje kan gå med på, seier Olav Sætre til kommunen i merknaden.