Her går raset tett ved husa

Kirsten Berg fekk seg ei overrasking og greidde å fange snøraset på video.

ras

Nyheiter

(Sunnmørsposten):Det er ein skavl nær toppen av Stålberghornet (1248) i Hjørundfjorden som rasar. Snøfoket la seg over husa på Stennes og etter kvart også over Norangsfjorden.

Kort tid etter la Berg ut videoen på facebook-gruppa Hjørundfjorden ei pærle på Sunnmøre. I kommentarfeltet skriv folk at det ser skummelt ut, og at folk der borte sikkert fekk rista seg.

Fok over fjorden

Aksel Stennes kan stadfeste at han var på Stennes då skavlen kom søndag ettermiddag.

– Eg fekk litt snø i håret. Eg sprang inn i løa og venta. Foket gjekk over til andre sida av fjorden, 500 meter unna, fortel han.

Sjølv om det kan sjå dramatisk ut, vil han gjerne avdramatisere det heile. Slik ras er noko som skjer mange gongar for vinteren. Det spesielle er vel at nokon har fanga det på video, seier han.

Ingen bur der fast, men Aksel Stennes fortel at han er på Stennes omtrent kvar helg.

– Det var heilt ufarleg. Slike ras er noko som skjer stadig vekk. Husa har stått her i fleire hundre år, seier han.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.