Fire reiarlag vil drifte Festøya - Solavågen

Fire reiarlag har levert tilbod på drift av ferjestrekningane E39 Festøya-Solavågen og rv. 651 Volda-Folkestad.
Nyheiter

Kontrakten som no er ute på tilbod gjeld drift av to elektriske ferjer og ei hybrid ferje på sambandet mellom Festøya og Solavågen. På strekninga skal det vere avgangar kvart 20. minutt.

På Volda - Folkestad skal det vere ei elektrisk ferje og avgangar kvar 40. minutt.

Fire reiarlag har no levert tilbod melder Statens vegvesen. Det er:

  • Boreal AS
  • Torghatten Sjø AS
  • Norled AS
  • Fjord1 ASA

Kontrakta varar frå 2020 til 2029.

Statens vegvesen skal no gjennom dokumentasjonen og evaluere tilboda. Det vert opplyst at det vert vekta sytti prosent pris og tretti prosent miljø i evalueringa. Tilbodsprisane er ikkje offentlege før valet av kontraktør er avgjort.

- Planen er å underskrive kontrakta i byrjinga av april, opplyser Statens vegvesen.