Fem vil byggje ferjekai i Volda

Volda skal få ny ferjekai.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Statens vegvesen har mottatt fem tilbod for bygging av ny ferjekai i Volda.

Entreprenørar som har levert tilbod:

* A. Våge AS: 86.615.911,00

* HAK Entreprenør AS: 93.247.070,00

* K A Aurstad AS 83.140.317,84

* K. Nordang AS 70.784.920,00

* Secora AS 92.847.878,00


Volda får ny ferjekai

Vegvesenet lyser ny Volda ferjekai ut på tilbod

 

-   No skal vi evaluere tilboda og reknar med å inngå kontrakt innan midten av april, fortel prosjektleiar Olav Megrund i ei pressemelding.

Dagens ferjekai er i dårleg stand og må erstattast med ei ny. Frå 1. januar 2020 skal det settast inn elektrisk ferje på sambandet.

Kontrakten inneber bygging av ny og større ferjekai, med moglegheit til liggekai på utsida av kaia. Den nye ferjekaia får ei lengde på 108 meter og skal byggast omtrent fem meter frå landkaret på den gamle kaia.

Det skal også byggast ny gang- og sykkelveg langs sjøen der kaia går i dag. I tillegg skal det byggast nytt venterom med toalett, og det skal opparbeidast nytt grøntareal bak den gamle kaia. Det skal også gjerast arbeid mot E39 Sjøgata for å hindre undergraving av vegen.

Rederiet som skal drifte sambandet har ansvar for å bygge infrastruktur for lading og fortøying til den elektriske ferja.