– Det er spesielt og rart å vere nominert til Urørt-finalen. Mange av mine musikalske førebilete, som t.d. Mikhael Paskalev, har vore der. Det er veldig spennande. No er det ikkje sikkert at eg får plass i finalen, og det er eit stort spenningsmoment, seier Sandal til Møre-Nytt.

Psykologistudenten satsar på musikken, og det er songen Hei Erna som gjort at mange har fått auga opp for han. På Facebook nærmar musikkvideoen seg 300.000 avspelingar. Av Urørt han songen blitt omtalt som ei sjarmbombe, i tillegg til at det er ei framføring det er lett å bli glad i.

– Vi laga videoen viralvennleg, med viten og vilje. Planen vi la følgde vi til punkt og prikke, og vi var heldige med at det klaffa.

I september i fjor vart han plukka ut som vekas Urørt. At det potensielt ville gje han ein plass i Urørt-finalen har ikkje 22-åringen ofra mange tankar.

– Eg har fundert på om det kunne gå, men eg har aldri gjort meg opp nokon klar tanke om at eg skulle bli nominert. Det var overraskande når det først skjedde, og eg var ikkje førebudd på det.

Urørt er ein av dei viktigaste kanalane for nye og unge artistar i Noreg. Uetablerte norske artistar og band kan promotere musikken sin gjennom nettstaden. Dei beste songane plukkar Urørt-redaksjonen ut og dei vert spelt på P3. Denne veka vert det avgjort kven dei fire finalistane blir. Dei åtte nominerte skal ut i duell, og onsdag skal Jon Olav og Tuvaband i duell. Publikum kan stemme på sine favorittar mellom 09.00 og 13.00 på p3.no. Den unge artisten frå Barstadvik vonar at han har støtte frå heimtraktene når finaleplassen skal avgjerast.

– Sunnmøre står mitt hjarte nært og er ein veldig stor del av meg. Det hadde vore veldig stas om eg fekk støtte heimanfrå, og det ville bety mykje for meg om eg har den støtta i ryggen.

Om det ikkje skulle gå vegen for Jon Olav har nominasjonen i seg sjølv gitt den unge artisten ekstra publisitet.

– Det er stas å få stadfesta frå ein av dei store trendsettarane i Noreg at dei meiner at eg er ein lovande artist. I seg sjølv er det positivt og det er veldig artig at dei tenkjer på meg som ein artist for framtida.