– Gullpris for gulltomter

Dyre tomter: Mosbakkane bustadfelt vert eksklusivt.  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

– Det vert ein gullpris for gulltomter. Årsaka er at tingretten fastsette ein ganske høg pris for kjøp av grunnen, sa ordførar Stein Aam då formannskapet tysdag fastsette tomteprisane i det nye Mosbakkane bustadfelt.

Mosbakkane vert ein del av Øvre Mo-feltet, og det er stor tru på at feltet er byggjeklart til hausten. Grunnprisen vart nær 700 kroner kvadratmeteren, og det gjer at tomteprisen for einebustadtomter med gebyr og avgifter kan kome over ein og ein halv millionar kroner.

– Det kan nok vere ulike meiningar om prisen, men det er eit av dei flottaste områda med utsikt.

Gunnar Knutsen (V) åtvara mot utviklinga.

– Vi må passe på at vi riggar oss slik til at rimelegare tomter er tilgjengeleg. Vi må forsere tomtefeltutbyggingar der unge kan byggje.