Kosthold i betring

Vi et meir frukt og mindre snop

Mens salet av frukt og grønsaker auka med 10.000 tonn, selde Norgesgruppen 560 tonn mindre smågodt i 2017, viser nye tal.

Kvar og ein av oss åt 100 gram mindre smågodt frå Norgesgruppen i fjor enn året før.  Foto: Kari Hamre,NPK

Nyheiter

Det kom fram på eit seminar i regi av Norgesgruppen om ansvaret matbransjen har for folkehelsa onsdag.

Styresmaktene har lenge arbeidd for å snu kostvanane i retning av meir grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tillaga kjøtt, raudt kjøtt, salt og sukker.

Sjølv har Norgesgruppen – som eig kjedene Kiwi, Meny, Spar og Joker – sett seg fleire mål om å få forbrukarane til å velje sunnare matvarer innan 2020. Salet av frukt og grønt skal aukast med 22 prosent, sjømat med 16 prosent, mens salet av salt og sukker skal reduserast med høvesvis 20 og 10 prosent. Omsetninga av grovt brød skal òg aukast.

Grovare brød og mindre sukker

– Vi ligg an til å nå målet på grovt brød og mindre sukker, seier fagsjef Aina Marie Lien i Norgesgruppen.

Mellom anna har butikkbrøda vorte grovare og mindre salthaldige utan at forbrukarane nødvendigvis har fått vite om det.

Frå 2016 til 2017 sokk salet av sukkerhaldige varer med 4,3 prosent i Norgesgruppen. Til dømes vart det selt 560 tonn mindre smågodt, mykje på grunn av ein påskekampanje med «sunt smågodt» – små boksar med frukt skorne opp i bitar.

560 tonn utgjer om lag 100 gram per nordmann.

Derimot var veksten i salet av frukt og grønt på berre 2,6 prosent, eit godt stykke unna målet.

– Lever dårlegare

Saltforbruket har òg berre gått marginalt ned med 0,3 prosent, noko som først og fremst kjem av auka forbruk av salthaldige kjøttvarer som spekemat.

Samtidig viser ny forsking at berre éin av fem nordmenn et den tilrådde daglege mengda med frukt og grønt, poengterer seksjonsoverlege Samira Lekhal ved Senter for sjukleg overvekt.

– Usunt kosthald fører ikkje nødvendigvis til at ein lever så veldig mykje kortare. Men ein lever mykje dårlegare, sa ho til eit fullsett auditorium hos Norgesgruppen.

Der skulle òg Noregs første minister for eldre og folkehelse, Åse Michaelsen (Frp), ha vore, men ministeren måtte melde avbod måndag ettermiddag.

Sukkeravgift og kjøpevanar

Ifølgje Lekhal speler butikkane ei avgjerande rolle i å få forbrukarane til å velje sunnare mat gjennom ulike situasjonsbestemte verkemiddel. Når det gjeld den nye sukkeravgifta som regjeringa har vedtatt, har ikkje den så veldig mykje å seie for kjøpevanane, meiner seksjonsoverlegen.

– Vi er ekstremt villige til å kjøpe usunn mat, sjølv om det blir litt dyrare, seier ho.

(©NPK)