Kva skjedde eigentleg denne januardagen, då storslått Sunnmørs- natur, viste fram sine mørkaste sider?

– Eg tok meg ein tur på kafé den formiddagen. Då eg kom att i tretida, stussa eg over at Even ikkje var komen heim. Turen han gjekk tok om lag 2,5 timar fram og tilbake frå heimen vår, og det var ikkje likt Even å ikkje kome rett heim.

Det seier Oddny Solhaug Hovde (62), som var gift med Even. I heimen deira i Håkonsgata gjekk ho og venta på at ektemannen skulle dukke opp, såg på klokka og vart meir og meir uroleg.

Glittertind: Oddny Solhaug Hovde og Even Hovde på Glittertind, eit par år før ulykka på Kyrkjetinden.

– Eg sjekka rundt med kameratar og familie, men ingen hadde sett han. Først tenkte eg at han var så flink til å gå på ski at det kunne ikkje ha hendt han noko. Det måtte i så fall vere om han hadde skada skiutstyret eller noko liknande. Etter som tida gjekk og han ikkje kom, skjøna eg at noko var frykteleg feil. Det byrja å mørkne, og eg kunne ikkje lenger sjå Kyrkjetinden der ute. I 17-tida ringde eg 112 og melde frå, eg kunne ikkje vente lenger. Uroa gjekk over til frykt og redsel for kva som hadde hendt.

Even vaks opp på Vallabøen. Han og Oddny gifta seg i 1976, og dei busette seg med to døtrer, Kari og Ingrid, i nytt hus i Håkonsgata i 1984. Even var ingeniør innan bygg og anlegg, og jobba ved teknisk etat i Ørsta kommune. Her var han avdelingsleiar for veg, vatn og kloakk siste åra, og han var ein av leiarane i brannvesenet. Han var ein ja-mann, og var alltid med når nokon trengde hjelp.

Even var også ein skikkeleg «handy-man». Han hadde snikkarverkstad i kjellaren, der ulike produkt såg dagens lys. I tillegg stilte han ofte opp på dugnadar, til dømes på Bondalseidet, med bygging og vedlikehald av anlegga der.

– Even stod også for oppbygginga av hagen vår, fortel Oddny.

– Han henta stein ute i naturen og bygde opp flotte trapper og murar. Han var særleg interessert i dyrking av grønsaker, som til dømes tomat, brokkoli, squash og gulrot. Noko av avlinga likte han godt å ta med på jobb og dele ut til kollegaer på rådhuset, noko eg trur dei sette stor pris på. Roser og blomar fekk eg ta meg av, det var det som kunne nyttast som mat Even likte å halde på med.

Ein fjellvand og naturglad mann

Naturen lokka. Kyrkjetinden var Even sitt fjell. Denne nabotoppen til Saudehornet ragar 1070 moh. Du går inn Skytjådalen og svingar til venstre mot toppen. Her er ikkje så mange som går, og freden og roa var noko Even sette stor pris på. Her kunne han gå åleine og ladde batteria.

Fjellet han elska: Even Hovde i fint driv ned frå Kyrkjetinden i desember 2007, berre ein månad før han omkom. Fast turkamerat, og fotograf på dette bildet, var Gunnar Wangen. Ulykka har gjort sterkt inntrykk på Wangen, som fortel at han miste sin beste turkamerat i raset.

Even var ein fjellvand mann, som ferdast mykje i skog og mark, på toppar og tindar, i heile si levetid. Han likte å vere ute i naturen. Han gjekk gjerne åleine på tur for å kople av frå ein travel kvardag, men også turar med familien eller med kameratar vart prioritert. Truleg var han oppe på alle fjelltoppane i Sunnmørsalpane som er tilgjengelege utan å klatre.

– Even var oppteken av å følgje med på utviklinga av skiutstyr, og skaffa seg gjerne det nyaste på marknaden. Plastsko, nye bindingstypar og telemarksski gjorde at det vart enklare å ferdast i fjellet også vinterstid. Det var ikkje så mykje fokus på skredsikring den tida som det er no. Men lokalkjende som vi var, visste vi sjølvsagt når det var rekna for å vere rasfare, og at vi då ikkje skulle gå i utsette område. Men noko sikringsutstyr ut over det var heller uvanleg på den tida. I dag kan du kjøpe varslingsutstyr, og på Yr eller Varsom.no varslar dei også om ver, føreforhold og rasfare. Det er andre tider, heldigvis, men naturen er lunefull og det er ikkje alltid mogleg å føresjå kva som kan skje.

Leiteaksjonen denne januarettermiddagen vart sett i verk straks etter at meldinga frå Oddny kom inn.

– Både politi, Røde Kors, familie og kameratar rykte ut med det same, men ambulansehelikopteret og Sea King-helikopteret var opptekne med andre oppdrag denne kvelden, og det tok lang tid før dei kom til Ørsta. Snøscooterpatruljen frå Ørsta Røde Kors køyrde eit stykke opp på kanten, men det var mørkt, og dei visste ikkje korleis der såg ut. Dei måtte vege sikkerheit opp mot ønsket om å gå inn og leite etter Even, ein god kamerat og kollega, ein som alle kjende.

Dilemma for leitemannskapa

Dette var nok eit stort dilemma for dei som var med. Skulle dei risikere å gå inn, eller måtte dei vente til dei visste om det var trygt. Avgjersla vart teken om at dei ikkje kunne risikere liva til mannskapet, og dei måtte vente på dagslys.

– Det må ha vore eit vanskeleg val, men slik er det. Vi kan ikkje klandre nokon for at dei set sikkerheit i høgsetet i slike situasjonar. Truleg ville det ikkje hatt noko å seie for utfallet uansett, og eg forstår kor vanskeleg det måtte vere.

Då helikopteret kom, var det kraftig vind, og dei hadde ikkje moglegheit til å ta seg ned og lande. Dei klarte til slutt å flyge over området og lyse det opp, og såg då at det hadde gått eit stort flakskred frå Kyrkjetinden. I Ørsta sentrum var det snøfritt. Det hadde vore kaldt nokre dagar, det var skeiseis på Hovdevatnet. Så kom det ein del nedbør og mykje vind natt til laurdag. Laurdagskvelden vart det målt sterk storm på Eitrefjell. Nysnøen som kom i høgda, bles som snøfokk inn i skråninga opp mot fjellet.

– Borna kom, og søsken og svigersøsken hadde funne vegen heim til oss. Vi venta, og eg hadde framleis håpet i meg om at han ville bli funnen i god behald. Då beskjeden om flakskredet kom, skjøna eg likevel at alt håp var ute, og at Even truleg var teken av raset. Eg forstod det då, at det var alvor. At han ikkje ville kome heim igjen.

Søndag morgon fekk dei sendt inn helikopter med lavinehundar, og Even vart raskt funnen, under knapt ein meter snø, 300 meter frå toppen. Han hadde vore på tur opp, og hadde nok løyst ut skredet som kom rett mot han og ikkje gav han moglegheit for å kome seg unna.

Minneplate: Familien har sett opp ei minneplate i Skytjådalen, like ved der Even vart funnen.

– Eg hugsar ikkje så mykje frå desse timane og dagane etterpå, men det står for meg som eit stort og grufullt kaos. Kriseteam, lækjar og prest kom innom, og mange andre kom med blomar for å kondolere. Sjølv om situasjonen var forferdeleg, trur eg også det gjorde meg godt at eg fekk bearbeide hendinga ved å fortelje om og om igjen om det som hadde skjedd. Seinare var eg med i ei sorggruppe, noko som også hjelpte meg å akseptere situasjonen, og kome meg vidare i livet.

Glade i naturen

For Oddny og borna er fjellturar i sunnmørsnaturen framleis rekreasjon. Det at dei miste Even i rasulukka, har ikkje teke frå dei gleda ved å ta turar i fjella både sommar og vinter.

– Vi har eit slags system oss imellom no, for å sikre oss at vi veit kvar den enkelte er. Vi hugsar på å seie frå når vi går og når vi kjem tilbake, og passar litt betre på kvarandre enn tidlegare.

Familiehytta dei har i Kvistaddalen var flittig brukt då borna var små, og framleis er det her Oddny kan finne tid for seg sjølv. Heilt åleine har ho fått gråte sinnet og sorga av seg. No er det godt å kome på hytta igjen og finne roa og freden.

– Så kjem eg tilbake med ferdig lada batteri til ein kjekk jobb på Bakk-Ola-marka, gode vener og familie. Sjølv om sorga etter Even alltid vil vere der, har eg klart å gå vidare, og eg kan igjen nyte livet. Det blir mange fjellturar både sommar og vinter, og eg reiser «verda rundt» på turar. Nye opplevingar gir nye og gode minne som eg tek med vidare.

Fjella var ein lidenskap for Even, men dei vart også hans skjebne.

– Eg trur ikkje Even tenkte over at det kunne vere farleg denne januardagen. Han gjekk der så ofte at dette til slutt berre vart ein liten og fin avstikkar for han. Han hadde tallause turar til Kyrkjetinden, men 5. januar 2008 vart den siste.

Det lunefulle vinterfjellet

Alle rasulykker med dødeleg utfall er tragiske. Men raset som tok Even Hovde var likevel spesielt, og gjorde ekstra sterkt inntrykk, fortel Jarle Steinar Bjørdal. Han var leiar for skredgruppa i Ørsta Røde Kors hjelpekorps for ti år sidan

– Det spesielle var at ulykka skjedde i eit område der folk tenkte at det var trygt, sidan folk hadde gått her så mykje, seier Bjørdal.

Kyrkjetinden er nærområdet til Ørsta sentrum, og var eit populært turmål. Even Hovde var ein av dei som gjekk denne turen oftast. Ulykka er ei påminning om at forholda i fjellet på denne tida av året er meir lunefulle enn på våren, då snøen oftast har sett seg.

– Vintersnøen er uberekneleg og forholda varierer veldig. Dette var eit flakskred. Dei vert danna ved at det er lagdelt snø, som oppstår på grunn av vindtransport og spesielle nedbørs- og temperaturforhold. Så vert skreda uløyste av laget som ligg over, og ofte av skiløparar. Det var sannsynlegvis det som skjedde her, seier Bjørdal.

Han understrekar at han ikkje kritiserer turvalet som Even Hovde gjorde.

Hjelpemannskapa måtte ta ei vanskeleg avgjerd då alarmen gjekk, og gjekk ikkje inn i området på grunn av rasfare

– I ettertid gjorde ekspertar frå NGI vurderingar som støttar denne avgjerda. For det gjekk nye ras om natta, og rasfaren var stor, seier Jarle S. Bjørdal