Ferjestopp midtfjords

Bilferja "Ølen" stansa midt i turen mellom Lauvstad og Volda

"Ølen" låg og dreiv i Voldsfjorden i 11-tida laurdag.  Foto: Lisbeth Myklebust

"Ølen" ved kai i Volda laurdag ettermiddag.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ferjestansen skjedde i 11-tida. Det er reserveferja "Ølen" som går i sambandet Lauvstad- Volda i helga. Denne ferja er rundt 40 år gammal.

- Ferjesambandet er innstilt på grunn av teknisk svikt, stod det Norled på sine nettsider klokka 1220.

Folkestadferja måtta avbryte sin rutegåande trafikk, og fekk slepar om bord i "Ølen" , som låg og dreiv på Voldsfjorden.

- No ligg Folkestad-ferja på sida av oss og skubbar ferja til kai i Volda, fortel Hans-Christian Reite til Smp.no. Han var om bord på ferja "Ølen" i 12-tida.

 - Vi gjekk frå kai i Volda 10.50, og no er vi like langt, fortel han.

Han skryt av mannskapet som har takla situasjonen bra.

Klokka 1234 melde Norled at det var normal trafikk att i sambandet Folkestad- Volda.

Ved 1330-tida låg "Ølen" ved kai i Volda. Elektrikarar var om bord for å sjekke anlegget. Ferjemannskapet har ikkje lov til å uttale seg, men signaliserte at det ikkje var snakk om noko alvorleg og tidkrevjande problem å løyse.